Arthur Nordlie

norsk politikar

Arthur Henry Eugen Nordlie (2. november 18837. januar 1965) var ein norsk næringsdrivar, idrettsleiar og politikar frå Oslo. Han var representerte partiet HøgreStortinget frå 1928 til 1945, og var 1945-50 formann i partiet.

Arthur Nordlie

Fødd2. februar 1883
Christiania
Død7. januar 1965 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, gründer
BarnEva Nordlie
Alle verv

Liv og gjerning endre

Nordlie var son til ein sjukehusforstandar. Sjølv utdanna han seg til murar og gjekk Kunst- og handverksskulen i 1902. Etter bygningstekniske studiar i Berlin grunnla han i 1908 eit murarfirma i heimbyen Oslo, seinare eit reint entrepenørselskap.

Nordlie var i unge år aktiv i Ski- og fotballklubben Lyn. Han var i 1902 med på å stifte Noregs Fotballforbund og var 1904-05 president i forbundet. I 1905 deltok har i danninga av Oslo fotballkrins og han dømde same året finalen i noregsmeisterskapen i fotball. Nordlie var også med då Norges Landsforbund for Idrett vart skipa i 1919.

Ganske tidleg engasjerte Nordlie seg i såkalla handverkarorganisasjonar. I 1914 vart han styremedlem i Murermesternes Forening og 1918 i Kristiania Håndverks- og Industriforening. Frå 1919 til 1934 var han formann i Håndverkernes Arbeidsgiverforening.

Frå 1920 til 1956 hadde Nordlie plass i bystyregruppa til Høgre i Oslo. Han kom inn på Stortinget i 1928 og var tingmann til 1945. På Stortinget var han 1928-33 medlem av Universitets- og fagskulekomiteen og 1937-45 nestformann i same komiteen. Perioden 1934-36 var han med i Militærkomiteen. I 1945 vart Nordlie vald til formann i eit arbeidsutval som skulle leie Høgre i ein overgangsfase etter frigjeringa. Han vart sitjande som formann fram til 1950.

Nordlie vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1933 og til kommandør i 1954.

Kjelder endre