Arthur Waskow (fødd i 1933) er ein amerikansk rekonstruksjonistisk rabbinar som av svært mange blir rekna som ein av leiarane av Jewish Renewal-rørsla. Han har vore involvert i Renewal-rørsla sidan 1969, og han er ein «stifinnar» i ALEPH: the Alliance for Jewish Renewal. Han er grunnleggjar og leiar av The Shalom Center, ein organisasjon som arbeider for å «verne og heile jorda» på måtar funderte på jødisk tankegods og praksis.

Arthur Waskow
Reb Arthur Waskow.jpg
Fødd 1933 (87 år)
Baltimore
Yrke rabbinar, historikar, forfattar, skribent

Waskow har skrive fleire bøker — mellom anna Godwrestling (1978), Seasons of our joy (1982) og Down-to-earth Judaism (1995). Han var ein av skaparane av fridomssederen i 1969 og er grunnleggjar og redaktør for tidsskriftet New Menorah. Waskow har òg undervist ved the Reconstructionist Rabbinical College og i religionsdepartementa ved fleire amerikanske universitet. Han underviser òg ved Elat Chayyim, det transdenominasjonelle jødiske retreat-sentret i Catskills.

BakgrunnsstoffEndra