Arve Bakke (fødd 28. september 1952) er ein norsk fagforeiningsmann som har vore forbundsleiar i Fellesforbundet sidan 2007, då Kjell Bjørndalen gjekk av.

Arve Bakke

Fødd28. september 1952 (71 år)
Ulsteinvik
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkefagforeiningsleiar
Alle verv
  • statssekretær (Administrasjonsdepartementet, 1996–1996)
  • statssekretær (Planleggings- og samordningsdepartementet, 1997–1997) Sjå dette på Wikidata

Bakke tok realskulen, eittårig handelsskule og eittårig teknisk skule før han tok fagbrev som platearbeidar og sveisar. Han har bakgrunn som platearbeidar frå verftet Ulstein-Hatlø i Ulsteinvik, der han var aktiv i verkstadsklubben. Han steig i fagforeiningsgradene etter kvart, og i 1984 vart han distriktssekretær i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, og han var distriktssekretær då Fellesforbundet vart oppretta etter fusjoneringar. Han var 2. nestleiar i forbundet i 2001–2003 og 1. nestleiar i 2003–2007.

Frå 1989 til 2001 var han leiar for Møre og Romsdal Arbeiderparti. Han var i 1996–1997 statssekretær i Administrasjonsdepartementet og Planleggings- og samordningsdepartementet under Bendik Rugaas i regjeringa Jagland.

Kjelder endre