Arve Sverre Moen (2. november 191228. oktober 1976) var ein norsk journalist, forfattar og politikar frå Åsnes i Hedmark.

Arve Moen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. november 1912
Åsnes kommune
Død

28. oktober 1976 (63 år)
Oslo

Yrke journalist, skribent, jurist, manusforfattar
Språk norsk

Moen vart utdanna cand.jur. i 1936. Han gjekk også teikneskule og studerte kunsthistorie. Frå 1945 til -49 var han litteratur- og filmmedarbeidar i Arbeiderbladet, kulturredaktør i avisa frå 1953.

I 1945 debuterte Moen med ei novellesamlinga Storm i vannglass. Mykje meir merksemd fekk romanen Døden er et kjærtegn, som kom ut i 1948 og året etter vart filmatisert av Edith Carlmar. Åra 1956-58 gav Moen ut eit trebands kunsthistorisk verk om målaren Edvard Munch. Seinare kom han mellom anna ut med barneboka Nødlanding i Svartfjellet (1958), og i 1966 med reiseskildringa Du store verden så liten.

Moen var formann 1954–64 i det litterære rådet til Den norske Forfatterforening. I tolv år, 1960–71, var han bystyremedlem i Oslo for Arbeidarpartiet.

Kjelder endre