Asak kyrkje

kyrkje i Halden i Østfold

Asak kyrkje er ei langkyrkje frå 1893 i Halden kommune i Østfold fylke.

Asak kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Søndre Borgesyssel
Sokn Asak
Fellesråd Halden
Type Langkyrkje
Arkitekt Nils Nilsson
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 15. august 1893
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont 1700-talet
Altartavle Edvard Steinle, 1851
Sitjeplassar 400
Kart
Asak kyrkje
59°08′39″N 11°27′17″E / 59.14417611°N 11.45481306°E / 59.14417611; 11.45481306
Wikimedia Commons: Asak kirke (Halden)

Byggverket er i tegl og har 400 plassar. Det er bygd i ein enkel, nygotisk stil.

Inventar endre

Altartavla med motivet «Jesus i Getsemane» av austerrikaren Edvard Steinle stod tidlegare i Oslo domkyrkje, der ho var ein del av Alexis de Chateauneufs ombygging i nygotikk i 1848–1850.

Preikestolen er sekskanta og har bilete av dei fire evangelistane måla av Laura Schultz. Døypefonten er frå 1700-talet og er laga av tre. Han har ein ryggvirvel av ein kval som midtstykke. Denne ryggvirvelen vart funnen i Tista i 1682.

Orgelet er frå 1927.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre