Asbjørn B. Syrrist
Asbjørn Balthazar Syrrist (19. oktober 1874–3. september 1953) var ein norsk jurist, bladmann og politikar frå Horten i Vestfold. Han var stortingsrepresentant 1913-15 for partiet Høgre.
Asbjørn B. Syrrist | |||
| |||
Fødd | 19. oktober 1874 | ||
---|---|---|---|
Død | 1953 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | advokat, politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Krigsskolen | ||
Alle verv |
|
Etter mellomskule i hovudstaden, utdanna Syrrist seg 1891-93 ved Krigsskulen. Åra 1894-97 arbeidde han som lærar i heimbyen. 1898 var han redaktør i Søndmør Folketidende, frå 1899 hadde han tilsvarande stilling i Tønsbergs Blad i over tjue år. Han var så politimeister 1918-24 i Tønsberg og sidan sakførar i same byen.
I tida 1908-13 var Syrrist medlem i bystyret i Tønsberg. Ved stortingsvalet 1912 vart han vald til å representere einmannskrinsen Tønsberg på Stortinget 1913-15. Han var då medlem av Protokollkomiteen og Komiteen etter Grunnlovas § 75.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914