Asbjørn Gjærde
Asbjørn Gjærde (fødd 5. desember 1939 på Stranda på Sunnmøre) er ein norsk journalist og forfattar. Han var distriktssjef frå 1981-1997 ved NRK Møre og Romsdal. Deretter var han redaktør med kontor same stad, men då som sentralt tilsett.
Asbjørn Gjærde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. desember 1939 (84 år) Stranda |
Yrke | journalist, faglitterær forfattar, programleiar |
Språk | norsk |
Gjærde har arbeidd både i Dagsnytt og i Dagsrevyen. Han byrja som programsekretær i NRK Møre og Romsdal i 1965. Han har også vore journalist i Sunnmørsposten.
I NRK var han m.a. medlem i utvalet som la grunnlaget for fjernsynsprogrammet Norge Rundt, der han var ein av dei første programleiarane. I 1980 var han nestsjef for radiokanalen P2 under prøvesendingane. Dei første nærradiosendingane i Noreg, som gjekk med dispensasjon i 1973 frå Høgskulen i Volda, hadde Gjærde det redaksjonelle ansvaret for som NRKs representant. Han sat også i Normalinstruksutvalet som sette opp organiseringa av distriktskontora til NRK.
I organisasjonssamanheng har Asbjørn Gjærde vore leiar for redaksjonsklubben i Dagsrevyen, nestleiar i Ålesund Presseforening og Sunnmøre Journalistlag, medlem av NRK sitt språkutval, varamann til Norsk Språkråd og hovudstyremedlem i Kringkastingsforeningen. I 2000 var han ein av initiativtakarane til Seniorpresseklubben i Møre og Romsdal.
Gjærde har studert ved Universitetet i Oslo, med historie og statsvitskap i fagkrinsen. Studenteksamen, examen artium, tok han ved Volda offentlege landsgymnas i 1961.
Asbjørn Gjærde avslutta ved utgangen av 2007 43 år som fast tilsett i NRK.
Bibliografi
endre- Stranda idrottslag 1914 50 år 1964 av Asbjørn Gjærde og Ove Langlo, Stranda Idrottslag, 1965, 142 s.
- Stranda ungdomslag 1893 75 år 1968 av Asbjørn Gjærde og Harald Kjølås, Stranda Ungdomslag, 1968, 176 s.
- Terje Fagermo. Mellem to verdener av Asbjørn Gjærde, Horsens, Danmark, 1986. Engelsk og tysk utgåve, omsett av Poul Nielsen.
- Stranda Industri og Samfunn av Asbjørn Gjærde, Stranda Sogelag, Ålesund, 1990, 306 s. ISBN 82-992249-1-8
- Stranda ungdomslag 100 år av Asbjørn Gjærde, Stranda 1993.
- Kunstneren Terje Fagermo av Asbjørn Gjærde, 1999, 78 s. Hatlehols Trykkeri AS, ISBN 82-92055-00-2.
- Vandring i flere dimensjoner på flatt lerret : Terje Fagermo av Asbjørn Gjærde,Terje Fagermo, Peder Otto Dybvig 1999,105 s. Hatlehols Trykkeri AS, ISBN 82-92055-00-2.
- Grunnleggjaren av møbelindustrien av Asbjørn Gjærde s. 157-162 i 100 år 100 navn Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet, Sunnmørsposten Forlag, 2000, ISBN 82-91450-08-0
- Bjarne Haagensen. Fiskehandler og byutvikler av Asbjørn Gjærde, 120 s. Ålesund 2001.ISBN 82-996174-0-5.
- Vel møtt til sendinga. Kringkastinga i Møre og Romsdal 1925-2005 av Asbjørn Gjærde, 2005, 239 s. Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, ISBN 82-7661-237-1
- Kosberg. En god idé av Asbjørn Gjærde, 2006, 439 s. ISBN 82-92055-10-X
- Vel bekomme! Eit knippe muntre historier frå NRK Møre og Romsdal samla og redigert av Asbjørn Gjærde. Illustrert av Odd Tarberg, Ålesund, 2006, NRK Møre og Romsdal.
- Galleri J. Aasen. Med sans for klangen i bildene av Asbjørn Gjærde, Ålesund 2008, 64 s. ISBN 978-82-303-1185-1.
- Kunstnaren Ole Solbakken av Asbjørn Gjærde, Stranda Sogelag, 2011, 125 s. ISBN 978-82-92055-38-0.