Sunnmøre er eit distrikt som utgjer den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke. Distriktet ligg mellom Nordfjord i sør, Romsdal i nord og Ottadalen i søraust. Sunnmøre utgjorde tidlegare eit eige fogderi, Sunnmærafylki frå mellomalderen. I dag utgjer det to domssokn, Søre Sunnmøre og Sunnmøre, og tre prosti, Søre, Austre og Nordre Sunnmøre. På Sunnmøre ligg kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske og Haram; til saman 5 232 km2 med 141 604 innbyggjarar (1/10-2014).

Kart over Møre og Romsdal fylke, med Sunnmøre markert i raudt.
Geirangerfjorden med fossen Dei sju systrene.

Landskapet på Sunnmøre er sterkt oppskore med fleire store og små øyar langs kysten. Dei største øyane er Hareidlandet og Gurskøya. Det er også fleire lange og tronge fjordar i området; særleg kjend er Geirangerfjorden som er 15 kilometer lang. I indre strøk, mellom fjordane og dalane innanfor, ligg høge, sterkt kuperte fjellområde. Den høgste fjelltoppen på Sunnmøre er Pyttegga på 1999 moh.

Den største byen på Sunnmøre er Ålesund. I tillegg har området to andre byar: Ulsteinvik og Fosnavåg. Viktige større tettstader er Ørsta, Volda, Sykkylven, Hareid, Nordstrand (Valderøy), Stranda og Brattvåg.

Sunnmørsdialekten høyrer saman med nordfjordmål og sunnfjordmål til dei nordlege e-måla under dei vestlandske målføra — ei gruppe der romsdalsdialekten ofte også er rekna med. Folk frå Sunnmøre blir kalla for sunnmøringar.

Namn Endra

Sunnmøre[1] er den regionen ein i middelalderen kalla Sunnmǿrafylki. Ordet «møre»[2] kjem av den norrøne dativsforma «á Mǿri» av mǿrr som tyder «land», truleg òg i samanheng med norrønt marr som tyder «hav». Tydinga blir då: «landet ved havet» eller «myrlandet». Sunnmøre må dermed tyde «den sørlege luten av landet ved havet».

Administrative inndelingar Endra

Regionråd:

  • Sunnmøre regionråd: Alle kommunene på Sunnmøre. I tillegg kjem Sandøy og Vestnes i Romsdal.

Prosti i den norske kyrkja, alle under Møre bispedømme:

Kommunar på Sunnmøre Endra

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
1507   Ålesund Ålesund 000000000067520.000000000067 520 632 Nynorsk
1511   Vanylven Fiskåbygd 000000000003013.00000000003 013 385 Nynorsk
1514   Sande Larsnes 000000000002442.00000000002 442 93 Nynorsk
1515   Herøy Fosnavåg 000000000008842.00000000008 842 120 Nynorsk
1516   Ulstein Ulsteinvik 000000000008797.00000000008 797 97 Nynorsk
1517   Hareid Hareid 000000000005159.00000000005 159 82 Nynorsk
1520   Ørsta Ørsta 000000000010929.000000000010 929 805 Nynorsk
1525   Stranda Stranda 000000000004421.00000000004 421 866 Nynorsk
1528   Sykkylven Sykkylven 000000000007630.00000000007 630 338 Nynorsk
1531   Sula Langevåg 000000000009636.00000000009 636 59 Nynorsk
1532   Giske Valderøya 000000000008692.00000000008 692 40 Nynorsk
1577   Volda Volda 000000000010960.000000000010 960 699 Nynorsk
1578   Fjord Sylte 000000000002494.00000000002 494 1144 Nynorsk

Kjelder Endra

Referansar
  1. Sunnmøre Store norske leksikon
  2. Møre og Romsdal Store norske leksikon
Litteratur

Bakgrunnsstoff Endra