Ashington
Ashington er ein by i grevskapet Northumberland i England. Han har kring 27 500 innbyggjarar. Byen var ein gong eit senter for kolgruveindustri. Byen ligg om lag 24 km nord for Newcastle upon Tyne. Sør for byen renn Wansbeck. Nordsjøen og Newbiggin-by-the-Sea ligg 5 km frå sentrum av byen.
Ashington | |||
by | |||
Statue av Jacki Milburn ved Station Road i Ashington
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Nordaust-England | ||
Distrikt | Northumberland | ||
Folketal | 27 335 (2001) | ||
Postnummer | NE63 | ||
Retningsnummer | 0 1670 | ||
Ashington 55°10′52″N 1°34′05″W / 55.181°N 1.568°W | |||
Wikimedia Commons: Ashington |
Kjende folk frå Ashington
endreEi rekkje kjende fotballspelarar har kome frå Ashington, som Jack Milburn, Jackie Milburn,[1] Mark Cullen, Jimmy Adamson, Jackie Charlton, Bobby Charlton, Cecil Irwin, Colin Ayre, David Thompson, Chris Adamson, Martin Taylor og Peter Ramage.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ashington» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2011.