Jackie Milburn

britisk fotballspelar

Jackie Milburn, eigenleg namn John Edward Thompson Milburn, (11. mai 19249. oktober 1988) var ein britisk-engelsk fotballspelar frå Ashington. Han vert hugsa for sine mange sesongar som angrepsspelar for Newcastle United.

Klubbspel endre

Milburn var aktiv i Newcastle United frå 1943 til 1957. Her var han med om å vinne FA-trofeet i 1951, 1952 og 1955. Han skåra begge måla då Blackpool FC vart slått 2-0 i 1951 og det fyrste målet då det vart siger 3-1 over Manchester City i 1955. Frå hausten 1957 til 1960 var han trenar og spelar for irske Linfield FC, ein klubb han leia til ligatriumf i 1959 og 1960.

Landslagsspel endre

I tida oktober 1948 til oktober 1951 deltok Milburn i 12 av Englands landskampar, skåra 10 mål. Så å seie på dagen fire år seinare fekk han ein 13. og siste landskamp, borte mot Danmark i København.

Kjelder endre