Asimut
Asimut (Az) er vinkelen langs horisonten i horisontalkoordinatar. Innan astronomi vert vinkelen (0-360°) målt vestover frå sørpunktet på horisonten (S). Ved geodesi (kart og oppmålingsarbeid) vert asimut målt austover frå nordpunktet. Vinkelen vert i begge tilfelle målt med klokka.
I horisontalkoordinatar er den andre koordinaten elevasjon (Alt).
I tredimensjonale polarkoordinatar er asimutvinkelen mellom den positive x-aksen og projeksjonen av ein vektor frå origo mot objektet i xy-planet. I sylindriske polarkoordinatar vert vinkelen skrive θ (theta), i sfæriske polarkoodinatar vert anten θ eller φ (phi) nytta.
Azimut kan også samanliknast med kartkurs.
I magnetbandspelarar er asimut vinkelen mellom bandet og lesehovudet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asimut» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2008.