Asira al-Qibliya
’Asira al-Qibliya (arabisk skrift عصيرة القبلية) er ein palestinsk by i Nablus guvernement aust på Vestbreidda, 14 km sørvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 2 336 innbyggjarar i 2007.[2]
’Asira al-Qibliya | |||
عصيرة القبلية | |||
kommune | |||
Namneopphav: Den sørlege vanskelegheita[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nablus guvernement | ||
Koordinatar | 32°10′44″N 35°12′53″E / 32.17889°N 35.21472°E | ||
Areal | 6,4 km² | ||
Folketal | 2 336 (2007) | ||
Folketettleik | 365 / km² | ||
Asira al-Qibliya 32°10′44″N 35°12′53″E / 32.178888888889°N 35.214722222222°E | |||
Kart som viser Asira al-Qibliya.
| |||
Wikimedia Commons: Asira al-Qibliya |
Historie
endreAsira al-Qibliya ligg på ein eldgammal stad i lågt lende. Tilhogde steinar er blitt brukte om att i husa i landsbyen og til å byggje jordbruksterrassar. Ein har òg funne cisterner hogde ut i berget, i tillegg til bysantinsk keramikk.[3]
Osmansk tid
endreLandsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som 'Asirah i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 33 hushaldningar og seks ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, og geiter og/eller bikubar.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen (som han kalla A'sirah) i 1870, og estimerte at han hadde tre hundre innbyggjarar. Han skreiv vidare at medhafeh, eller gjestehuset, låg på den høgaste staden i landsbyen.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Asiret al Kibliyeh som ein mellomstor landsby i lågt lende, med ein brunn i søraust.[6]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde 'Asira al-Qebliyeh eit folketal på 282, alle muslimar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 326, framleis alle muslimar, i 84 hus.[8]
I 1945 var folketalet 410, alle arabarar, med 6 437 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 345 mål var plantasjar og irrigert land, 2 963 vart nytta for korn,[10] medan 57 mål vart utbygd land.[11]
Etter 1948
endreEtter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Asira al-Qibliya under Jordan sitt styre. Etter seksdagarskrigen i 1967, har Asira al-Qibliya vore under israelsk okkupasjon.
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 179
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 802
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 134.
- ↑ Guérin, 1875, s. 177-178
- ↑ Conder and Kitchener, SWP II, 1882, s. 162.
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 24
- ↑ Mills, 1932, s. 59.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155
- Denne artikkelen bygger på «Asira al-Qibliya» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.