Cisterne eller sisterne (latin cisterna, som er avleidd frå cista, som tyder kiste/kasse, som igjen kjem frå det greske ordet kistê, som tyder kurv) er eit ilåt for ei væske, vanlegvis vatn. Cisterner vert oftast bygd for å samle inn og lagre regnvatn. Cisterner skil seg gjerne frå brunnar ved den vasstette kledninga. Moderne cisterner har kapasitet frå å halde på nokre få liter til å vere store vasstankar som kan halde fleire kubikkmeter, noko som gjer dei til vassreservoar.

Den portugisiske cisterna El Jadida i Marokko.
Moderne sisterne.

Cisterner tetta med gips og kalk er avdekt i neolittiske landsbyer i Midtausten, til dømes ved Ramad og Lebwe,[1] og ved slutten av 3000-talet fvt., som ved Jawa i nordaustlege Libanon, var cisterner vesentlig nyskapande teknikkar for vasshandtering i varme og tørre jordbrukssamfunn.[2]

Kjelder

endre
  1. Miller, Robert (februar 1980): «Water use in Syria and Palestine from the Neolithic to the Bronze Age» i: World Archaeology, 2.3 (s. 331-341) s. 334.
  2. Roberts, N. (1977): «Water conservation in ancient Arabia» i: Proceedings of the Seminar for Arabian Studies 7, s. 134-146

Bakgrunnsstoff

endre