Asle
mannsnamn
Asle er eit mannsnamn av norrønt opphav, ei nyare form av Atle. Begge desse namna har namnedag den 8. april i Noreg.
Namnet er danna av gotiske ordet atta, 'far', og ei diminutivsending.
Asle hadde størst utbreiing som døypenamn i Noreg på 1960- og 1970-talet.
Kjende namneberarar
endre- Asle Kristensen Hoffart (1788-1851), stortingsmann
- Asle Myro (1811–1879), stordansar og kjempekar frå Hallingdal
- Asle Madssen Strand (1825-1902), stortingsmann
- Asle Schrøder (f. 1955), ordførar og Senterparti-politikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asle» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Asle hjå Statistisk Sentralbyrå