Ein namnedag er ein dag som er tileigna ein person sitt førenamn. Det er ein merkedag for personar som har dette namnet, og blir feira om lag som ein fødselsdag i nokre land, særleg i Hellas og Sverige. Kva namnedag ein har står i ei særskild liste. I Noreg blir ho gjeven ut i almanakken, medan den offisielle katolske helgenlista, som styrer katolske namnedagar, blir gjeven ut av Vatikanet.

Namnedagar i byrjinga av juni på ein tsjekkisk kalender med blindeskrift. (Foto: Hynek Hanke)

Historie endre

Skikken med namnedagar oppstod i den kristne kyrkja, mest for å redusera tydinga av den heidenske fødselsdagsfeiringa. Det vart vanleg å ta namn etter den helgenen som i følgje kyrkja vakta over datoen dåpsdagen fall på. Når helgenane blei feira på sin dag, kunne dei som hadde namnet føla seg litt spesielle. Det var òg rekna som meir heldig å feira den dagen ein tok imot dåpen og frelsen på, framfor dagen ein blei fødd som eit syndig menneske.

 
Svensk namnedagsfeiring, måla av Carl Larsson i 1898.

Etter Reformasjonen fall mykje av den gamle helgendyrkinga bort i Norden, og Noreg mista sin tradisjon med namnedagar. I Sverige, derimot, levde han vidare. I øvre lag av samfunnet blei dagen feira på same måte som ein fødselsdag, og namnedagar har sidan vore feira i store delar av samfunnet i både Sverige og Finland.

I førstninga eksisterte det ingen standardiserte lister over namnedagar, men i 1747 fekk Sverige ein offisiell almanakk. To år senare vart namnedagar inkludert i denne almanakken. Etter dette har namnedagsfeiring vore vanleg i store delar av Sverige og Finland.

Notid endre

Namnedagsskikken blei teken opp att i Noreg av Almanakkforlaget i 1988, då dei fekk namneforskaren Kristoffer Kruken og andre til å laga eit framlegg om nye namnedagar. Desse var baserte på dei gamle namnedagane, men tok òg med nyare namn som var blitt vanlege sidan då. Listene over namnedagar blir oppdatert nå og då.

Dei katolske landa feirar namnedagar etter ei offisiell liste frå Vatikanet, men i mange land har namnedagsfeiring aldri slått rot. I Noreg har namnedagsfeiring vorten vanlegare dei siste åra, mens i Danmark er namnedagsfeiring svært uvanleg. I Finland ser ein det som viktig å fordela namna på dagane slik at størst mogleg del av folket får ein namnedag, medan lista frå Vatikanet held seg til helgenar, som dei stadig tek inn nye av.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre