Asparuhov most
Asparuhov most er ei bru i Varna ved Svartehavet i Bulgaria, som knyter bydelen Asparauhovo saman med resten av byen på andre sida av kanalen mellom Svarteahvet og Varnasjøen.
Аспарухов мост | |||
| |||
Type | Fritt frambyggbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Varna i Bulgaria | ||
Opna | 8. september 1976 | ||
Lengd | 2 050 meter | ||
Høgd | 50 m | ||
Fri høgd | 46 m | ||
Breidd | 21 m | ||
Kryssar | Kanalen mellom Varnasjøen og Svartehavet | ||
Utforming | Utkragerbru | ||
Transporterer | Bilar og fotgjengarar. To felt av motorvegen Tsjerno More | ||
Asparuhov most 43°11′25″N 27°53′05″E / 43.190369444444°N 27.884630555556°E |
Brua er 2,05 km lang, 50 meter høg og veg 3 200 tonn. Ho har 38 pålar, som kvar ber 2 400 tonn. Brua er svært trafikkert og meir enn 10 000 kryssar ho i døgeret.
Ein byrja bygginga av brua i 1973, etter at ein måtte utvida kanalen mellom Varnasjøne og havet. Opninga av brua skulle opphavleg skje 30. september 1976, men brua vart ferdig før tida og vart opna 8. september av Todor Zjivkov. Samtidig vart den nye kanalen under brua opna 1. september.
Etter 20 år utan reparasjonar, byrja ein å restaurere brua mellom 1996 og oktober 1998, men brua vart ikkje opna på ny før 17. september 1999, ein dato langt etter dei opphavlege planane.
I dag er ikkje Asparuhov most berre ei viktig transportåre, men òg ein stad for tilhengjarar av ekstremsport sidan brua er ein ideell for strikkhopping.
Kjelder
endre- Varna.info.bg. Asparuhov most Arkivert 2006-05-09 ved Wayback Machine.
- Panoramabilde av Asparuhov most Arkivert 2013-06-03 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Asparuhov most» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2020.