Aspen i Katrineholm

Aspen er ein innsjø i Julita sokn i Katrineholm kommun, i Södermanlands län og landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen vert drenert av Aspån, som fører Vatnet fire kilometer vest, til Öljaren.

Innsjøens overflate ligg 48,8 meter over havet. Aspen ligg i eit barskoglandskap, med hellmarker i aust. I vest grenser innsjøen til Köpingsåsen, der vestkanten fell bratt ned mot leirgrunnen på Julitasletta. Den største djupna er målt til 11 meter, og overflatearealet er 1,3 km². Innsjøen er næringsrik.[1] Ein badeplass ligg i nærleiken av det vestlegaste punktet i innsjøen.[2] Ein trur at innsjøen har namn frå Aspån, der ein tidlegare fanget asp ved Gimmersta.[3]

Kjelder

endre
  1. Jan-Erik Svensson och Stefan Lundberg, Zooplankton i 23 sjöar i Södermanlands län. Regional miljöövervakning 2003, ISSN 1400-0792, meddelande nr 2004-5. Länsstyrelsen i Södermanlands län, 2004.
  2. Aspen på www.badkartan.se, länkad 2008-09-13.
  3. Roger Jonsson, Sörmländsk historia och vattnets tydedelse[daud lenkje], artikel i Katrineholms-Kuriren. Publikationsdatum okänt.

59°8.73′N 16°8.33′E / 59.14550°N 16.13883°E / 59.14550; 16.13883