Astronomer Royal
Astronomar Royal er eit embete i det kongelege hushaldet i Storbritannia. Det finst to embetsinnehavarar, ein Astronomar Royal og ein Astronomar Royal for Scotland.
Embetet vart oppretta av Karl II av England den 22. juni 1675. Han hadde den 4. mars same år utnemnt John Flamsteed til «Kongens astronomiske observatør», og i juni beordra han bygginga av Royal Observatory Greenwich og oppretta det nye embetet formelt. Det skotske embetet vart oppretta i 1834.[1]
Fram til 1972 var Astronomar Royal ex officio direktør for Royal Observatory Greenwich. Han får eit stipend på 100 pund i året; ein betydeleg sum då Flamsteed vart utnemnt men no berre ein symbolsk sum. Etter at ein fjerna direktørstillinga frå embetet har det først og fremst vore eit æresembete, rett nok med svært høg prestisje som vert tildelt den fremste britiske astronomen.
Det fanst tidlegare òg ein Royal Astronomar of Ireland.
Liste over Astronomers Royal
endreJohn Flamsteed | 1675–1719 |
Edmond Halley | 1720–1742 |
James Bradley | 1742–1762 |
Nathaniel Bliss | 1762–1764 |
Nevil Maskelyne | 1765–1811 |
John Pond | 1811–1835 |
Sir George Biddell Airy | 1835–1881 |
Sir William Christie | 1881–1910 |
Sir Frank Dyson | 1910–1933 |
Sir Harold Spencer Jones | 1933–1955 |
Sir Richard van der Riet Woolley | 1956–1971 |
Sir Martin Ryle | 1972–1982 |
Sir Francis Graham-Smith | 1982–1990 |
Sir Arnold Wolfendale | 1991–1995 |
Martin Rees, Baron Rees of Ludlow | 1995– |
Kjelder
endre- ↑ «Astronomer Royal». The British Monarchy. Royal Household. Arkivert frå originalen 8. mars 2016. Henta 23. juni 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Astronomer Royal» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2016.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «Astronomer Royal» (på engelsk). The British Monarchy.