John Flamsteed

britisk astronom

John Flamsteed (19. august 164631. desember 1719) var ein engelsk astronom og første Astronomer Royal. Han katalogiserte 3000 stjerner.[1] Han gjorde Karl II merksam på at ein trong nye og gode observasojnar, særskild til bruk ved å finne lengde- og breiddegrader til sjøs, og dette førte til opprettinga av Greenwich-observatoriet (1675). Flamsteed vart den første sjefen for observatoriet (Astronomer Royal 1676–1719). Han kombinerte kikkert med måleinstrument, og brukte nesten 30 år på å samle observasjonar, aleine og under vanskelege forhold. Materialet vart nytta til utarbeiding av ein stor stjernekatalog, Historia Coelestis Britannica (1712, 1725), og eit stjerneatlas, Atlas Coelestis (1729).

John Flamsteed

Fødd19. august 1646
Denby, Derbyshire, England
Død31. desember 1719 (alder 73)
Burstow, Surrey, England
Nasjonalitetengelsk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom
InstitusjonarGreenwich-observatoriet
Alma materJesus College i Cambridge
Kjend forFørste Astronomer Royal
InfluerteJoseph Crosthwait
Abraham Sharp
EktefelleMargaret Flamsteed
MedlemRoyal Society

Prisar og oppkallingar endre

Kjelder endre

  1. Robert Chambers, Book of Days

Sjå òg endre