Aten-asteroidar er ei gruppe nærjordsasteroidar namnsetter etter 2062 Aten, den første Aten-asteroiden som vart oppdaga. Definisjonen på ein Aten-asteroide er at den har ein store halvakse mindre enn ein astronomisk eining (AE). Aten-asteroidar treng likevel ikkje å ha heile bana innanfor jordbana; nesten alle aten-asteroidane har aphel større enn éin AE. Aten-asteroidar med med aphel innanfor jordbana vert kalla Aphohele-asteroidar. I mai 2004 var det berre to kjente apohelar: 2003 CP 20 og 2004 JG 6.

Den minste kjente store halvakse er 0,642 AE og høyrer til (66391) 1999 KW4, sjølv om 2004 JG 6 ser ut til å ha ein endå mindre ein.

For ein kort tidsperiode ved slutten av 2004 såg det ut til at Aten-asteroiden 99942 Apophis kunne koma til å slå ned i jorda i år 2029, men seinare observasjonar kunne utelukka den moglegheita.

Bakgrunnsstoff endre