Atlántico-departementet

Atlántico er eit departement nord i Colombia som grensar til nabodepartementa Magdalena og Bolívar. I nord grensar han til Atlanterhavet. I tillegg til hovudstaden i departementet Barranquilla er Galapa, Malambo og Sabanalarga viktige byar. Atlántico er det tredje minste departementet i landet, etter departementet San Andrés, Providencia og Santa Catalina og Quindío. Departementet hadde i 2013 ein folkesetnad på om lag 2 403 027, noko som gjer han til ein av dei tettaste folkesette provinsane i Colombia med 709 innbyggjarar per kvadratkilometer;.

Atlántico
Departement
Land  Colombia
Koordinatar 10°39′N 74°58′W
Hovudstad Barranquilla
Areal 3 388 km²
Folketal 2 403 027  (2013)
Folketettleik 709 / km²
Grunnlagd 1910
Kart
Atlántico-departementet
10°39′0″ N 74°58′0″ W
Wikimedia Commons: Atlántico Department
Nettstad: http://www.gobatl.gov.co

Kjelder endre

  • Denne artikkelen er ei omsetjing av samsvarande artikkel på Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2015, artikkelen der gav den gongen inga kjelde