Departement i Colombia

Overone

Colombia er ein einskapleg republikk danna av trettito departement, (spansk: 'departamentos') og eit hovudstadsdistrikt (Distrito Capital). Kvart departement har ein guvernør (gobernador) og eit styre (Asamblea departamental), begge valde ved folkerøysting for ein fireårsperiode. Guvernøren kan ikkje velgast att i påfølgjande periodar. Departement er dei administrative hovudinndelingane av landet og blir gjevne ei viss grad av sjølvstyre.

Departement er danna av ei gruppering av kommunar (municipios). Kommunestyret blir leidd av ordføraren (alcalde) og blir administrert av eit kommunestyre (Concejo kommunal), som begge veljast for fire år av gongen.

Hovudstadsdistriktet er hovudstaden i landet, Bogotá. Bogotá er dels avhengig av Cundinamarca-departementet som omgjev byen.

Urfolksterritorium

Colombias urfolksterritorium er oppretta etter avtale mellom regjeringa og dei einskilde urfolkssamfunn. I tilfelle kor urfolksterritorium dekker meir enn eit departement eller ein kommune, vil lokale styresmakter i fellesskap forvalte urfolksråda for slike territorium, som fastsett i artikkel 329 og 330 av grunnlova i Colombia. Urfolksterritorium kan òg ha karakter av kommune viss dei oppfyller krava i loven. Ein finn dei fleste urfolksterritorium i departementa Amazonas, Cauca, La Guajira, Guaviare og Vaupés.[1]

Oversyn over alle departementa endre

Klikk i kartet for å åpne artikkelen for eit departement.

 La Guajira-departementetMagdalena-departementetAtlántico-departementetCesar-departementetBolívar-departementet i ColombiaNorte de Santander-departementetSucre-departementetCórdoba-departementet i ColombiaSantander-departementetAntioquia-departementetBoyacá-departementetArauca-departementetChocó-departementetCaldas-departementetCundinamarca-departementetCasanare-departementetVichada-departementetValle del Cauca-departementetTolima-departementetMeta-departementetHuila-departementetGuainía-departementetGuaviare-departementetCauca-departementetVaupés-departementetNariño-departementetCaquetá-departementetPutumayo-departementetAmazonasdepartementet i ColombiaRisaralda-departementetRisaralda-departementetQuindío-departementetQuindío-departementetBogotáBogotáØygruppa San Andrés, Providencia og Santa Catalina
Departement Hovudstad
1   Amazonas Leticia
2   Antioquia Medellín
3   Arauca Arauca
4   Atlántico Barranquilla
5   Bolívar Cartagena
6   Boyacá Tunja
7   Caldas Manizales
8   Caquetá Florencia
9   Casanare   Yopal
10   Cauca Popayán
11   Cesar Valledupar      
12   Chocó Quibdó
13   Córdoba Montería
14   Cundinamarca Bogotá
15   Guainía Inírida
16   Guaviare San José del Guaviare
17   Huila Neiva
Departement Hovudstad
18   La Guajira   Riohacha
19   Magdalena Santa Marta
20   Meta Villavicencio
21   Nariño Pasto
22   Norte de Santander Cúcuta
23   Putumayo Mocoa
24   Quindío Armenia
25   Risaralda Pereira
26   San Andrés, Providencia
og Santa Catalina
San Andrés
27   Santander Bucaramanga
28   Sucre Sincelejo
29   Tolima Ibagué
30   Valle del Cauca Cali
31   Vaupés Mitú
32   Vichada Puerto Carreño
33   Bogotá Bogotá

Kjelder endre

Referansar
  1. Colombiaya.com (red.). «Division Política de Colombia». Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 9. april 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departement i Colombia