Atlanterhavsmuren
(Omdirigert frå Atlantikwall)
Atlanterhavsmuren, tysk Atlantikwall, er ei nemning på ei line av festningsverk vest i Europa, langs kysten mot Atlanterhavet. Festningsverka vart bygde under andre verdskrigen for å hindra åtak på land okkupert av Tyskland. I dag står framleis mange bunkerar og steinblokker som skulle hindra pansertankar i å invadera, på folkemunne kalla Hitlertenner,
Atlanterhavsmuren er kring 2 685 km lang, og kan fylgjast ved kysten av Frankrike, Belgia, Nederland, Tyskland, Danmark og Noreg. Bygginga fann stad for det meste i tida frå 1942 til 1944, men ein fekk ikkje bygd alt det var planar om.