Sotra er ei øy vest for Bergen i Øygarden kommune i Vestland. Ho er 175,90 km² stor[1] og har om lag 20 000 innbyggjarar. På folkemunne femner ofte nemninga «Sotra» også om øyane Bildøyna og Litlesotra. I nord grensar Sotra til øyane Turøyna og Misje.

Sotra
Fjordlandskap på Sotra. Foto: Frode Inge Helland
Fjordlandskap på Sotra.
Foto: Frode Inge Helland
Geografi
Stad Midhordland
Koordinatar 60°16′N 05°03′EKoordinatar: 60°16′N 05°03′E

Areal 175,90 km²

Høgaste punkt Liatårnet (341 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Ågotnes (3624 innb.)

Demografi
Folketal 20 300 (2023)
Folketettleik 115 /km²

Tidlegare høyrde den nordlege delen av øya til Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya høyrde til Sund kommune. I samband med kommunereforma vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune i 2020 og heile øya ligg no i ein kommune.

Ei dansk omskriving av namnet, «Sartor», har tidlegare vore i bruk. Dette namnet vert i dag berre brukt av enkelte firma på Sotra (Sartor Storsenter, Sartor Maskin AS og Sartor Skytterlag).

Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra med ei høgd på 341 meter over havet. Eit anna fjell er Gardafjellet.

Sotra Sportsklubb sitt herrelag spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).[2]

Utsikt frå Liatårnet nordover mot Nessjøen, Møvik og skjærgården utanfor.
Foto: Frode Inge Helland

Folketalsutvikling:

1801[3] 1900[4] 2000[5] 2023[5]
1848 4049 13 216 20 300

Sjå òg endre

Referansar endre