Atle Jebsen
Atle Jebsen (10. november 1935–13. oktober 2009[1]) var ein norsk skipsreiar.
Atle Jebsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. november 1935 |
Død |
13. oktober 2009 (73 år) |
Yrke | forretningsdrivande, reiar |
Far | Kristian Jebsen |
Yrkesliv i selskapa til familien
endreJebsen var son av Kristian Stange Jebsen, som grunnla rederiet Kristian Jebsens Rederi AS i 1929. Jebsen vart først befraktar i dette reiarlaget i 1962. Då faren omkom i ei togulukke i USA overtok Atle Jebsen som administrerande direktør og leiar for reiarlaget frå 1967, berre 31 år gammal.[2]
Jebsen hamna i fokuset til media i då MS «Rocknes» kantra i Vatlestraumen i 2004. Av mannskapet på 30 omkom 18.[3]
Verv i organisasjonar
endreAtle Jebsen var president i Norges Rederiforbund 1982–83, og i Baltic and International Maritime Conference 1985–87. Han var styreformann i Den Norske Krigsforsikring for Skib 1984-2002.
Anna
endreAtle Jebsen omkom i ein bilulukke 13. oktober 2009.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Atle Jebsen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2020.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Atle Jebsen omkom i ulykke». NRK Nyheter. 13. oktober 2009. Henta 15. oktober 2009.
- ↑ Atle Jebsen døde i trafikkulykke, Bergensavisen, 14. oktober 2009
- ↑ - Hjelp, vi er i ferd med å kantre! Bergensavisen