Kristian Jebsen
Kristian Jebsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. desember 1901 |
Død |
12. august 1967 (65 år) |
Yrke | forretningsdrivande, reiar |
Far | Kristian Gerhard Sundt Jebsen |
Mor | Jenny Sophie Stange |
Kristian Stange Jebsen (16. desember 1901–12. august 1967) var ein norsk skipsreiar. Han grunnla reiarlaget Kristian Jebsens Rederi AS i 1929, som starta med to dampskip og dreiv handel i Nordsjøen. Under andre verdskrigen mista reiarlaget alle dei fire skipa sine, men selskapet vart gjenoppbygt og dreiv kysttrafikk og tankskip.[1]
I 1993 vart reiarlaget til Kristian Jebsen slått saman med Paal Wilson & Co under det nye namnet Wilson.
Privatliv
endreKristian Stange Jebsen var son av banksjef Kristian Gerhard Sundt Jebsen (1872-1950) og skodespelar Jenny Sophie Stange (1873-1962), og soneson av konsul Peter Jebsen (1824-1892). Han var gift med Sigfrid («Sissi») Kjerland (1904-1993). Dei var foreldre til Atle Jebsen (1935-2009), Kristian Gerhard Jebsen (1927–2004) og Aldis Jebsen (1938-1985).[2]
Død
endre12. august 1967 var Jebsen på togreise frå New York til Montréal med sonen sin Atle Jebsen. Toget dei var passasjerar på kolliderte med eit godstog 64 kilometer nord for Albany.[3] Kristian Stange Jebsen omkom, men sonen overlevde ulukka.[4]
Kjelder
endre- ↑ Kristian Jebsens Rederi AS - Bergen byleksikon
- ↑ Aldis Schotel Jebsen
- ↑ «Desert Sun 12 August 1967 — California Digital Newspaper Collection». cdnc.ucr.edu. Henta 26. oktober 2017.
- ↑ Atle Jebsen - Norsk biografisk leksikon