Atle Sommerfeldt

Atle Sommerfeldt (fødd 22. november 1951) er ein norsk teolog. Han har vore biskop i Borg bispedømme sidan 2012.[1]

Atle Sommerfeldt
Biskop i Borg Atle Sommerfeldt (24369022100).jpg
Fødd 22. november 1951 (71 år)
Eidsvoll
Yrke teolog, prest
Atle Sommerfeldt på Commons

Atle Sommerfeldt voks opp i Asker, avla teologisk embetseksamen i 1980 og tok praktisk-teologisk seminar ved Menighetsfakultetet i 1981. Han arbeidde som prest i Oslo bispedømme i tida 1982–1984, var assisterande generalsekretær i Botswana Christian Council frå 1989 til 1993 og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja frå 1993 til 1994. Frå 1994 til 2011 har han vore generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.[2] Han vart utnemnd til biskop i Borg i kyrkjeleg statsråd 14. oktober 2011, og er truleg den siste biskopen som vert utnemnd av Kongen.

Atle Sommerfeldt er gift med Marianne Uri Øverland. Paret har ei dotter som dei adopterte i Botswana.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Biskopen i Borg», kirken.no. Vitja 22. oktober 2015.
  2. Budstikka 14.10.2011