Opna hovudmenyen

Kyrkjeleg statsråd var eit møte der Kongen i statsråd handsama saker som gjeld styringa av Den norske kyrkja. Kyrkjeleg statsråd var heimla i §16 og § 2 i grunnlova.[1], før statskyrjeordninga vart avskaffa ved grunnlovsendring 21.05.2012.[2]

Saker til kyrkjeleg statsråd vart som regel presenterte av kyrkjeministeren. Berre personar som er medlem av Den norske kyrkja kunne delta i kyrkjeleg statsråd. Sidan halvparten av regjeringsmedlemmene må vere til stades for at regjeringa skal vere vedtaksdyktig, måtte minst halvparten av regjeringsmedlemmene vere medlemmer av Den norske kyrkja for at regjeringa skulle kunne gjere vedtak i saker som gjeld styringa av kyrkja.[3]


KjelderEndra