Atlit (hebraisk skrift עַתְלִית) er ein kystby sør for Haifa i Israel. Han var opphavleg ein utpost for krossfararane som fall i 1291. Den moderne landsbyen vart grunnlagd i 1903 med støtte frå baron Edmond de Rothschild. Folketalet er i dag 5 797.[1] Atlit interneringsleir ligg i nærleiken.

Atlit
landsby
Atlitborga
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°41′14″N 34°56′18″E / 32.68722°N 34.93833°E / 32.68722; 34.93833
Folketal 5 797  (2011)[1]
Grunnlagd 1903
Kart
Atlit
32°41′14″N 34°56′18″E / 32.687222222222°N 34.938333333333°E / 32.687222222222; 34.938333333333
Wikimedia Commons: Atlit

Historie endre

 
Interneringsleir for jødiske emigrantar ved Atlit.

Atlit har spor etter busetnader sidan tidleg i bronsealderen. Krossfararane bygde Chateau Pelerin, eit av dei største festningsverka i Det heilage landet, og ein av dei siste gjenverande utpostane til krossfarane som stod i mot åtak frå Baibars. Atlit vart verande hos krossfarane fram til 1291. Ruinane av borga står framleis.

I 1881 noterte Survey of Western Palestina at det fanst ein liten arabisk landsby her med leirhytter og eit folketal på 200. I 1903 bygde jødiske nybyggjarar ein landsby i nærleiken dei òg kalla Atlit. Under Palestinamandatet, vart arabiske og jødiske landsbyar statistisk rekna som same landsby. I 1938 var det 508 arabarar og 224 jødar. Den arabiske folkesetnaden minka kraftig i 1940-åra på grunn av sal av landområde, så i 1944-1945, var det berre 150 arabarar att der (90 muslimar og 60 kristne) i lag med kring 510 jødar. Kvifor dei gjenverande arabarane drog i 1948 er ukjend.[2]

Atlit fekk status som lokal kommune i 1950, men i 2004 vart han ein del av Hof HaCarmel regionale kommune.

Atlit interneringsleir vart nytta av dei britiske styresmaktene til å halde jødiske emigrantar til Palestina.[3] Dette er i dag eit musen i Ha'apala. Ein base for Israel sin marinekommando ligg i nærleiken.

Venskapsbyar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. W. Khalidi, All that Remains, p146-147; B. Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, pxviii.
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. januar 2013, henta 8. april 2015