Atsjinsk (russisk А́чинск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre sida av elva Tsjulym nær staden der han vert kryssa av den transsibirske jernbanen, 184 km vest for Krasnojarsk. Atsjinsk lufthamn ligg 4 km aust for byen.

Atsjinsk
Ачинск
Horisonten til Atsjinsk
Horisonten til Atsjinsk
Flagget til Atsjinsk Byåpenet til Atsjinsk
Flagget til Atsjinsk Byvåpenet til Atsjinsk


Plassering
Atsjinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1683
1782
Borgarmeister Ilaj Akhmetov
Geografi
Flatevidd
 - By

103 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

111 600
  1 083,5 /km²
Koordinatar 56°16′00″N 90°30′00″E / 56.26667°N 90.50000°E / 56.26667; 90.50000
Høgd over havet 220 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 662150–662169
Retningsnummer (tlf) (+7)39151
Nettstad: www.adm-achinsk.ru
Jernbanestasjonen i Atsjinsk på den transsibirske jernbanen

Byen dekkjer eit areal på 103,21 km².

Historie

endre

Byen vart grunnlagt i 1641 som Atsjinskij ostrog ved elva Belyj Ijus. Etter ein brann vart han flytta til Tsjulym-elva i 1683 og 25. juli 1683 vert rekna som den offisielle grunnleggingsdagen for byen. Han fekk bystatus i 1782. Den transsibirske jernbanen nådde byen i 1895 og Atsjinsk vart raskt viktigare for området. Distriktet Atsjinsk vart i 1930 det første målet for stalinistiske bondedeportasjonar i Krasnojarsk-regionen.

Bakgrunnsstoff

endre