Tsjulym (russisk Чулым) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 1799 km lang og har eit nedslagsfelt på 134 000 km². Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s.

Tsjulym
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 134 000 km²
Lengd 1 799 km
Middelvassføring 785 /s
Munning Ob
Kart
Tsjulym ved Ob
54°56′56″N 89°50′02″E / 54.9489°N 89.8339°E / 54.9489; 89.8339
Wikimedia Commons: Chulym River (Ob tributary)

Elva renn stille og sterkt meanderande gjennom mesteparten av lengda si. Medrekna kjeldeelva Belyj Ijus (Kvite Ijus) er ho 2 023 km lang.

Kjeldeelvane Belyj Ijus og Tsjornyj Ijus (Kvite og Svarte Ijus) har utspring sør i Sibir, i republikken Khakasia nordvest for byen Abakan, i dei opptil 2 211 m høge Kuznetsk Alatau-fjella. Ho renn først nordover gjennom Krasnojarsk kraj mot Atsjinsk, der ho kryssar traséen til den transsibirske jarnvegen. Ho svingar så mot vest og munnar ut i Ob ved landsbyen Ust-Tsjulym, ved 57°43′50″N 83°49′30″E / 57.73056°N 83.82500°E / 57.73056; 83.82500.

Langs elva ligg byane Nazarovo, Atsjinsk og Asino.

Kjelder endre