Attan (pashto اتڼ‎) er ei danseform knytt til pasjtunarar i dagens Afghanistan og Pakistan. Dansen oppstod i det som no er Aust-Afghanistan, og spreidde seg til dei pasjtunske delane av Afghanistan og Pakistan gjennom migrasjon.[1][2] Attan byrja som ein folkedans utført i samband med krig, bryllaup eller andre høve, som trulovingar, nauroz-feiring og uformelle møte. Han er no rekna som nasjonaldans i Afghanistan,[3] og blir dansa av alle afghanske folkegrupper,[4] og av pasjtunarar i Pakistan.[5]

Attan-dansarar

Opphav

endre
 
Politifolk dansar rundt ein dohol-trommar i Kandahar

Attan er ein tradisjonell pasjtunardans. Han blir sagt å ha før-islamske røter, og nokon identifiserer attan som ein religiøs seremoni frå tidlie zoroastrianisme.[6][7] Ifølgje folklore dansa kong Jama eller Jamshid, ein figur i iransk mytologi, attan med krigarane sine for å feira nauroz.[8] Nærskylde ringdansar finst i provinsane Khorasan og Sistan og Balutsjistan i Iran.[9][10] Her er dei vanlegvis kjende som chapi eller torbati.[11][12] Attan blir vanlegvis dansa til tromming frå dohol, ei stor tofellstromme. The dance can be anywhere from 5 to 30 minutes long. Det finst mange ulike regionale variantar av attan, dei best kjende er wardaki, logari, paktia, lhosti, kandahari og herati. I tillegg til å vera afghansk nasjonaldans er han også ein populær del av høgtider, bryllaup og andre feiringar.

Rørsler

endre

Akkompagnert av trommar og fløyter dannar dansarane ein sirkel, tar kvarandre i hendene eller førebur seg på å rotera i sine eigne sirklar. Dansen byrja med sakte trinn som gradvis blir raskare og raskare til det verkar som om utøvarane må gje seg av utmatting. Likevel fortset dansen, nokre gonger i to eller tre timar på rad, utan pausar bortsett frå ein senking av tempo eller endringar i melodiar og songar.[13]

Instrument

endre

Det viktigaste instrumentet er sjølvsagt tromma. Denne kan variera i storleik, for nokre typar er storleiken relativt liten. Årsaka til det kan vera geografisk, men skiljet mellom doholar er tydeleg blant dei forskjellige typane attan. Tablah er ei einfellstromme ein slår med hendene som finst i dei fleste arabiske musikkensemble. Den begerforma kroppen (sylindrisk med litt innsnevra midje) blei tradisjonelt laga av fyrt leire, og skinnet av geit-, kalv- eller fiskeskinn, strekt og limt permanent på kroppen. Det nest viktigaste instrumentet er zurna surnay, som er svært vanleg, men ikkje alltid blir brukt til kvar type dans.

Utstyr

endre

Utøvarar ber ofte tradisjonelle klede og pynt når dei tek del i den livlege dansen. Ved nokre festlege høve kan menn òg vera iført dress og slips for ein meir formell utsjånad. Kvinnene kan ha lyse, fargerike kjolar. Desse kjolane kan ha små speglar på. Dei små speglane speglar lyset medan kvinnene rører seg og dansar.

Kjelder

endre
  1. «Attan | General Knowledge | Simply Knowledge». simplyknowledge.com. Henta 28. mai 2021. 
  2. Ullah, Izhar (9. mars 2016). «Remembering a Waziristan where men and women once danced together». DAWN.COM (på engelsk). Henta 28. mai 2021. 
  3. Rubin, D.; Pong, M. (2001). The World Encyclopedia of Contemporary Theatre: Asia/Pacific. Routledge. s. 38. ISBN 9780415260879. Henta 13. april 2015. 
  4. "attan." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 13 okt. 2009 <http://www.britannica.com/EBchecked/topic/42102/attan> Arkivert 2014-02-22 ved Wayback Machine.
  5. Ullah, Izhar (9. mars 2016). «Remembering a Waziristan where men and women once danced together». DAWN.COM (på engelsk). Henta 28. mai 2021. 
  6. Shayegan, Ehsan (Februar 2019). Exploring Afghanistan's forgotten & vulnerable Local dances. Swiss Agency for development and cooperation SDC. 
  7. Mangal, Ali Mohammad, (2004), Da Atan Da Naro Hendara, Danish, Kabul. s. 7
  8. Emadi, Hafizullah (2005). Culture and Customs of Afghanistan (på engelsk). Greenwood Publishing Group. ISBN 978-0-313-33089-6. 
  9. John, Katherine St; Miller, Lloyd; Harouny, Mahera (1987). Radif-e Raqs: Collection of Dance Sequences of the Persian Tradition (på engelsk). Society for Preservation and Propagation of Eastern Arts. «DANCE MOVEMENTS Baluchi folk dance resembles Atan related folk dances in Khorasan and areas east . The dance is ... dohol ( large barrel drum ) , the tabla , or frame drum ( doira ) . The music is ...» 
  10. John, Katherine St; Miller, Lloyd; Harouny, Mahera. Radif-e Raqs: Collection of Dance Sequences of the Persian Tradition (på engelsk). Society for Preservation and Propagation of Eastern Arts. «TORBA TI DANCE Torbat - e Jam is a city on the road between Mashad and Herat , and although located in Iranian Khorasan ,........ This dance is similar to the Atan and the Atan - e Kaufi which also uses the 7 / 8 ..» 
  11. John, Katherine St; Miller, Lloyd; Harouny, Mahera. Radif-e Raqs: Collection of Dance Sequences of the Persian Tradition (på engelsk). Society for Preservation and Propagation of Eastern Arts. «TORBA TI DANCE Torbat - e Jam is a city on the road between Mashad and Herat , and although located in Iranian Khorasan ,........ This dance is similar to the Atan and the Atan - e Kaufi which also uses the 7 / 8 ..» 
  12. Fraser, James Baillie. Narrative of a Journey Into Khorasān: In the Years 1821 and 1822. Including Some Account of the Countries to the North-east of Persia; with Remarks Upon the National Character, Government, and Resources of that Kingdom (på engelsk). Longman, Hurst, Rees, Orme, Brown, and Green. «... and listen to some one who reads , while the young people sometimes dance in a circle , clapping their hands in time the while» 
  13. Wilber, Donald N., (1962) Afghanistan, Its People, Its Society Its Culture. New Haven: Hraf Press. OCLC 410960