Opna hovudmenyen
Illustrasjon av attentatet i Sarajevo som utløyste fyrste verdskrigen.

Attentat (frå latin attentatum, 'forsøk på [brotsverk]') er eit planlagt, forsøkt eller utført åtak på person/ar, som regel nytta om offentlege personar. I og med at ordet attentat ordrett handlar om forsøket, er det strengt tatt unødvendig å omtale mislykka drapsforsøk som «attentatforsøk».

Det er dermed heilt korrekt å seie at Adolf Hitler vart utsett for ei rekke attentat, sjølv om ingen av dei enda med at han vart drepen. Det er også strengt tatt meir presist å omtale det som skjedde med president John F. Kennedy som drapet på president K. enn å kalle det for attentatet mot han, sidan uttrykket attentat i seg sjølv ikkje fortel noko om utfallet av attentatet.

KjelderEndra

  Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

BakgrunnsstoffEndra