Au pair (fransk for «på lik fot») er ein person som bur hos ein familie i eit framand land for å læra kulturen der. Vertsfamilien gjev kost, losji og lommepengar, og reknar som regel med å få hjelp til barnepass og lettare husarbeid tilbake.

Ein kan bli og få au pair gjennom ein organisasjon eller setja opp ein avtale på eiga hand.

Ordninga kan bli misbrukt for å skaffe underbetala hushjelper frå utlandet.

Etter norske reglar skal au pairen få minst 3000 kroner per månad i lommepengar av vertsfamilien (2006).

Bakgrunnsstoff

endre