Audacity er eit lydredigeringsprogram. Det er fri programvare og er tilgjengeleg under GNU General Public License.

Audacity


SkaparRoger B. Dannenberg, Dominic Mazzoni
UtviklarMuse Group
Utgjevemai 2000[1]
Nyaste versjon3.6.0 (16. juli 2024)[2]
OperativsystemLinux, macOS, Unix-variant, Microsoft Windows, ReactOS
Skrevet iC++, C
SjangerAudioteknologi
Typelydavspiller, Musikkarbeidsstasjon, datakonvertering, capturing, datavask, innspilling
LisensGPLv3
Nettstadhttps://www.audacityteam.org

Programmet fylgjer med ei rekkje store GNU/Linux-distribusjonar, og er omsett til ei mengde språk, mellom anna norsk. Det finst både til Mac OS X, Microsoft Windows, GNU/Linux og andre operativsystem.

Funksjonalitet

endre

Audacity har støtte for lydopptak, analyse, redigering og avspeling av digitalt audiomateriale. Det er støtte for import/eksport i fleire filformat: Ogg Vorbis, WAV, AIFF og AU, import/eksport av MP2 og MP3 via libmad, eksport av MP3 via LAME, pluss alle format støtta av sndfilebiblioteket. Editoren har zoom, redigeringsfunksjonalitet som markering, klipp og lim, angre, reversering, invertering, tonekontroll (equaliser), samplelratekonvertering, dither, støyfiltrering, effektprosessering som ekko, komprimering, osb.

Det er støtte for plugin: LADSPA (Linux) og VST (Mac OS X og Windows).

Kjelder

endre
  1. http://www.audacityteam.org/about/credits/.
  2. «Audacity 3.6.0». 16. juli 2024. Henta 17. juli 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre