Den afrikanske unionen

(Omdirigert frå AU)
Den afrikanske unionen
Offisielle språk Arabisk, engelsk, fransk, portugisisk, spansk, swahili (også alle andre språk i Afrika)
Leiar for Den afrikanske unionen Mohamed Ould Ghazouani
Areal
 – Totalt

29,797,500 km2
Grunnlagd
Som OAU
 – Ikraftsett

Som AU
 – Ikraftsetting


 – 25. mai 1963


 – 9. juli 2002

Tidssone UTC -1 til +4
Nasjonalsong «Let Us All Unite and Celebrate Together»
Toppdomene Ikkje standardisert.

Den afrikanske unionen (AU) er ein samarbeidsorganisasjon for statane i Afrika og vart danna 9. juli 2002 i Durban i Sør-Afrika. AU etterfølgjer den tidlegare samarbeidsorganisasjonen Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) og har som mål å verta ein meir langtgåande politisk og økonomisk eining enn denne. AU skal fremje demokrati, menneskerettar og utvikling i Afrika. Den fyrste leiaren i organisasjonen var Sør-Afrika sin president Thabo Mbeki. Tanken om ein afrikansk union vart til av Libya sin leiar Muammar al-Gaddafi i 1999. Han vert rekna som hovudarkitekten bak unionsprosjektet.

AU har forlate OAU sitt prinsipp om ikkje-innblanding i statane og skal saman danne ein felles fredsstyrke. Den endra politikken har mellom anna resultert i militært nærvær i Darfur i Sudan og Komorane.

Medlemmar

endre

Den afrikanske unionen har 55 medlemmar som omfattar nesten heile det afrikanske kontinentet. Marokko valde lenge å stå utanfor, fordi Vest-Sahara, som det gjer krav på, er medlem. Den 30. januar 2017 kom Marrokko likevel inn som medlem.[1]

På grunn av militærkupp, har følgjande land vorte mellombels suspenderte frå unionen: Burkina Faso, Gabon, Guinea, Mali, Niger og Sudan.

Toppmøte

endre
Nr. Stad Dato
Frå Til
1   Durban i Sør-Afrika 9. juli 2002 11. juli 2002
2   Maputo i Mosambik 10. juli 2003 11. juli 2003
  Sirte i Libya Februar 2004 (omframt møte)
3   Addis Abeba i Etiopia 6. juli 2004 8. juli 2004
4   Abuja i Nigeria 24. januar 2005 31. januar 2005
5   Sirte i Libya 28. juni 2005 5. juli 2005
6   Khartoum i Sudan 16. januar 2006 24. januar 2006
7   Banjul i Gambia 25. juni 2006 2. juli 2006
8   Addis Abeba i Etiopia 22. januar 2007 30. januar 2007

Leiarar

endre
Nr. Leiar Innsett Forlét stillinga
1   Thabo Mbeki 9. juli 2002 10. juli 2003
2   Joaquim Chissano 10. juli 2003 6. juli 2004
3   Olusegun Obasanjo 6. juli 2004 24. januar 2006
4   Denis Sassou-Nguesso 24. januar 2006 24. januar 2007
5   John Kufuor 30. januar 2007 31. januar 2008
6   Jakaya Kikwete 31. januar 2008 2. februar 2009
7   Muammar al-Gaddafi 2. februar 2009 31. januar 2010
8   Bingu wa Mutharika 31. januar 2010 31. januar 2011
9   Teodoro Obiang Nguema Mbasogo 31. januar 2011 29. januar 2012
10   Yayi Boni 29. januar 2012 27. januar 2013
11   Hailemariam Desalegn 27. januar 2013 30. januar 2014
12   Mohamed Ould Abdel Aziz 30. januar 2014 30. januar 2015
13   Robert Mugabe 30. januar 2015 30. januar 2016
14   Idriss Déby 30. januar 2016 30. januar 2017
15   Alpha Condé 30. januar 2017 28. januar 2018
16   Paul Kagame 28. januar 2018 10. februar 2019
17   Abdel Fattah al-Sisi 10. februar 2019 10. februar 2020
18   Cyril Ramaphosa 10. februar 2020 6. februar 2021
19   Félix Tshisekedi 6. februar 2021 5. februar 2022
20   Macky Sall 5. februar 2022 18. februar 2023
21   Azali Assoumani 18. februar 2023 17. februar 2024
22   Mohamed Ould Ghazouani 17. februar 2024

Kjelder

endre
  1. «Morocco rejoins African Union». Worldbulletin. 30. januar 2017. Henta 31. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den afrikanske unionen