Audun Kidøy (f. 1943) er ein norsk forretningsmann frå Gulen kommune.

Audun Kidøy
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1943 (80 år)
Yrke forretningsdrivande

Audun Kidøy starta karrieren sin som entreprenør i byrjinga av 1960-åra. I perioden 1969 til 1981 var han leiar av Aksel Bruvik si avdeling i Førde. Kidøy vart likeverdig eigar i entreprenørfirmaet Gravdalgruppa, eller Gravdal Byggjeforretning, i 1981, og overtok då 20 prosent av aksjane i firmaet. Gravdalgruppa hadde vorte skipa av Magne Gravdal i 1961 som personleg selskap. I 1993 overtok Kidøy heile eigarskapet av Gravdalgruppa. Audun vart sitjande som dagleg leiar i Gravdalgruppa fram til 31.12.1998.

Kidøy er framleis eigar av Gravdalgruppa. Firmaet har vakse seg til å verta ei av dei største byggjeforretningane i Sogn og Fjordane i dag. Gravdalgruppa har hovudkontor i Førde, der Audun Kidøy også er busett.

Kjelder endre