Augevipper
(Omdirigert frå Augevippe)
Augevipper er ei rad av hår på kanten av augelokket. Augevippene vernar auget mot framandlekamar, og funger litt som vêrhår gjennom at dei registrerer om noko rører ved dei, noko som set i gang ein blunkereaksjon.
Augevipper er ein viktig del av utsjånaden og blir ofte framheva. Ein kan sminka dei med kajal eller maskara, krølla dei med krølltang, farga dei eller bruka falske augevipper.