Opna hovudmenyen

August «Augie» Meyers (fødd 31. mai 1940) er ein amerikansk musikar, songar, låtskrivar, artist, studiomusikar, produsent og plateselskapeigar. Han er kanskje mest kjend for å ha vore med å skipe Sir Douglas Quintet og Texas Tornados.[1]

Augie Meyers
Fødd31. mai 1940 (79 år)
FødestadSan Antonio, Texas, USA
FødenamnAugust Meyers
AliasLord August
OpphavUSA
SjangerGarasjerock
Psykedelisk rock
Rock
Soul
Folk
Tejano/Tex-Mex
Country
InstrumentKlaverinstrument, gitar, trekkspel, song
Kjende instrumentVox Continental
Tilknytte artistarBob Dylan
Doug Sahm
Sir Douglas Quintet
Texas Tornados
Verka somMusikar
Plateselskapseigar

Innhaldsliste

HistorieEndra

Tidleg i 1960-åra, grunnla Meyers og Doug Sahm Sir Douglas Quintet. Vox-orgelet hans var ein viktig del av lyden til gruppa, som ein kan høyre på spor på «She’s About a Mover» (1964), «Mendocino» (1969) og «Nuevo Laredo» (1970).

I 1990-åra var Meyers med å starte den suksessrike supergruppa kalla Texas Tornados med Doug Sahm, Flaco Jiménez og Freddy Fender.

Sidan 1970-åra har Meyers drive fleire av sine eigne plateselskap, inkludert Texas Re-Cord Company (starta i lag med Lucky Tomblin), Superbeet Records og White Boy Records.

Som studiomusikar har Meyers spelt med mange andre artistar, som Bob Dylan, John P. Hammond, John & Mary, Kevin Kosub, Tom Waits og Doug Sahm.

Utvald diskografiEndra

  • 1971: The Western Head Music Co. - Polydor
  • 1972: You Ain’t Rollin’ Your Roll Rite - Paramount
  • 1975: Live At The Longneck - Texas Re-Cord Company
  • 1977: Finally In Lights - Texas Re-Cord Company
  • 1982: Still Growin - Sonet
  • 1984: August in New York - Sonet
  • 1986: Augie’s Back - Sonet
  • 1986: My Main Squeeze - Superbeet
  • 1988: Sausalito Sunshine - Superbeet
  • 1992: White Boy - White Boy
  • 1996: Alive & Well At Lake Taco - White Boy
  • 2002: Blame It On Love - Texas World
  • 2006: My Freeholies Ain’t Free Anymore - El Sendero
  • 2013: Loves Lost and Found - El Sendero

Uvalde samarbeidEndra

KjelderEndra

  1. Peel, Adrian (2014). Tequila, Senoritas and Teardrops: Musikars Discuss the Influence of Mexico on Country Music. McFarland. s. 23. ISBN 9781476617800. Henta 24. desember 2015. 

BakgrunnsstoffEndra