Country

musikksjanger

Country er ein populær musikksjanger frå USA som sprang ut frå landsbygda i Sørstatane i 1920-åra.[1] Han har røter frå western cowboy-musikk og USA-amerikansk folkemusikk frå søraustlege delar av landet. Country består ofte av balladar og dansemelodiar med generelt enkle former og harmoniar akkompagnert av hovudsakleg strengeinstrument som banjo, elektrisk og akustisk gitar, fele og munnspel.[2][3][4]

Omgrepet «country» eller «countrymusikk» vart populært i 1940-åra då det tok over for det tidlegare omgrepet «hillbillymusikk». «Country» vert i dag nytta til å skildra mange forskjellige countrysjangrar og undersjangrar.

Country har produsert to av dei mestseljande soloartistane gjennom tidene. Elvis Presley, som i starten vart kjend som «The Hillbilly Cat» og som var fast på radioprogrammet Louisiana Hayride,[5] vart ein av dei som definerte rock 'n' roll. Garth Brooks er den mestseljande soloartisten i amerikansk historie.

Medan albumsala i dei fleste musikksjangrar har gått nedover hadde country sitt beste salsår i 2006, då salet i USA auka med 17,7 % til 36 millionar i løpet av det første halvåret.[6][7]

Tidleg historie endre

 
Ryman Auditorium, «Mother Church of Country Music»

Innvandrarar til dei sørlege Appalachane i Nord-Amerika har ført med seg musikk og instrument frå områda dei kom frå i nesten 300 år. Dei tok med seg det mest verdifulle dei hadde, og for dei fleste av dei var dette eit musikkinstrument: «Tidlege skotske nybyggjarar likte fela fordi dei kunne spele ho slik at ho høyrdest trist og sørgmodig ut eller lys og lett.»[8] Den irske fela, den tyske langeleiken, den italienske mandolinen, den spanske gitaren og den vestafrikanske banjoen[9] var dei vanlegaste instrumenta. Etter kvart som musikarar frå forskjellige folkegrupper byrja å spele saman, produserte dei musikk som var unik for denne delen av Nord-Amerika. Appalachiske string band tidleg på 1900-talet bestod hovudsakleg av fele, gitar og banjo.[10] Denne tidlege countrymusikken, i lag med tidlege innspelingar av country, vert ofte kalla «oldtime».

I følgje Bill Malone i Country Music U.S.A vart country «introdusert for verda som eit sørleg fenomen.»[11] I Sørstatane var folkemusikken ein kombinasjon av kulturelle tonar, der musikalske tradisjonar frå forskjellige folkegrupper i regionen vart kombinert. Til dømes vart somme instrumentale stykke frå britiske og irske innvandrarar grunnlaget for folkeviser og balladar som er ein del av det ein kallar oldtime, som country nedstamma frå. Det er vanleg å tru at britisk og irsk folkemusikk i stor grad påverka utviklinga av oldtime i dei sørlege Appalachane, der dei tidlegare europeiske nybyggjarane hovudsakleg kom frå Nord-England, Dei skotske låglanda og Ulster i Irland.[12]

Ofte når folk tenkjer eller høyrer på country, tenkjer dei at det er skapt av europeiske amerikanarar. Men mykje av stilen - og banjoen, eit viktig instrument i mange tidlege amerikanske folkeviser - kom frå afroamerikanarar. At country vart skapt av afroamerikanarar, i tillegg til europeiske amerikanarar, kjem mellom anna av svarte og kvite i jordbrukssamfunna i Sørstatane ofte arbeidde og spelte i lag, som DeFord Bailey fortel.[13] I PBS-dokumentaren DeFord Bailey: A Legend Lost.[14] Den viktige svarte gitaristen Arnold Schultz, som er kjend for å ha popularisert tommelstilen, eller Travis-plukking, spelte med kvite musikarar i det vestlege og sentrale Kentucky.[15]

Gjennom 1800-talet flytta fleire innvandrargrupper frå Europa, hovudsakleg Irland, Storbritannia, Tyskland, Spania og Italia, til Texas. Desse gruppene hadde kontakt med spanjolar, meksikanarar, det amerikanske samfunnet som alt eksisterte her og urfolk. Som følgje av dette samlivet har Texas utvikla unike kulturelle eigenskapar med røter i kulturen til samfunna som slo seg ned her.[16]

Nybyggjarane frå område som Tyskland og Tsjekkia oppretta store dansesalar der bønder og byfolk frå nabolaget kunne samlast, danse og feste i lag. Musikken som vart spelt i desse dansesalane kom frå Europa og inkluderte vals og polka spelt på eit trekkspel, eit instrument opphavleg frå Italia, som var det einaste som gav nok lyd til å fylle heile lokalet.[17]

1920-åra endre

 
Vernon Dalhart

Musikkmiljøet i Atlanta spelte ei stor rolle i å lansere dei første plateartistane i country tidleg i 1920-åra. Mange folk frå Appalachane hadde kome til byen for å arbeidde i bomullsfabrikkane og tok musikken sin med seg. Det var eit stort platesenter dei neste tjue åra og eit stort senter for framføring av musikken dei neste førtiåra, fram til dei første countryshowa på fjernsyn på lokale stasjonar i Atlanta i 1950-åra.[18]

Somme plateselskap i Atlanta gav tidlege artistar som Fiddlin' John Carson avslag, medan andre forstod at musikken hans ville passer perfekt med livsstilen til jordbruksarbeidarane i landet.[19] Den første kommersielle innspelinga av det som vert rekna som country var «Arkansas Traveler» og «Turkey in the Straw» av felespelarane Henry Gilliland & A.C. (Eck) Robertson den 30. juni 1925 for Victor Records.[20] Columbia Records starta å gje ut plater med «hillbilly»-musikk (serien 15000D «Old Familiar Tunes») så tidleg som 1924.[21]

To år tidlegare, 14. juni 1923, spelte Fiddlin' John Carson inn «Little Log Cabin in the Lane» for Okeh Records.[22] Vernon Dalhart var den første countrysongaren som hadde ein nasjonal hitt i mai 1924 med «Wreck of the Old '97».[23][24] På andre sida av plata var «Lonesome Road Blues», som òg vart veldig populær.[25] I april 1924 vart «Aunt» Samantha Bumgarner og Eva Davis dei første kvinnelege musikarane som spelte inn og gav ut countrysongar.

Mange «hillbilly»-musikarar, som Cliff Carlisle, spelte inn bluessongar gjennom tiåret[26] og inn i 1930-åra. Andre viktige artistar med tidlege innspelingar av Riley Puckett, Don Richardson, Fiddlin' John Carson, Uncle Dave Macon, Al Hopkins, Ernest V. Stoneman, Charlie Poole and the North Carolina Ramblers og The Skillet Lickers.[27] Steelgitaren kom inn i countrymusikken så tidleg som i 1922, då Jimmie Tarlton møtte den kjende hawaiiske gitaristen Frank Ferera på vestkysten.[28]

Jimmie Rodgers og The Carter Family vert ofte rekna som grunnleggjarane av moderne country. Songane deira var først spelt inn under ei historisk plateinnspeling i Bristol i Tennessee eller Bristol i Virginia den 1. august 1927, der Ralph Peer var talentspeidar og plateinnspelar.[29][30] Ein scene i filmen O Brother, Where Art Thou? er basert på denne hendinga.


Rodgers blanda hillbillycountry, gospel, jazz, blues, pop, cowboy og folkemusikk; og mange av dei mest kjende songane skreiv han sjølv, som «Blue Yodel»[31], som selde over ein million plater, gjorde Rodgers til den største stjerna i tidleg country.[32]

Frå 1927 og dei neste 17 åra spelte Carter-familien inn om lag 300 oldtime-balladar, tradisjonelle songar, countrysongar og salmar, som alle representerte søraustamerikansk folkeminne og kulturarv.[33]

1930- og 1940-åra endre

«Pistol Packin' Mama», skriven av Jimmie Rodgers og framført av Al Dexter and his Troopers i 1943.


På grunn av den store depresjonen vart det stadig seld færre plater. I staden vart radio og kringkasting populære underhaldningskjelder og «låvedans-show» der det vart spelt countrymusikk starta i dei sørlege statane og etter kvart heilt til Chicago i nord og California i vest.

Det viktigaste av desse programma var Grand Ole Opry frå 650 WSM i Nashville. Dei første sendingane starta i 1925 og programmet er i dag det radioprogrammet som har gått lengst i verda. Nokre av dei tidlegaste stjernene på Opry var Uncle Dave Macon, Roy Acuff og den afroamerikanske munnspelaren DeFord Bailey. WSM hadde eit signal på 50 000 watt (1934) og gjorde at nesten heile landet kunne få inn kanalen.[34]

Mange musikarar framførte og spelte inn songar i mange forskjellige stilar. Moon Mullican spelte til dømes western swing, men òg songar ein kan kalle rockabilly. Mellom 1947 og 1949 hadde country-vokalisten Eddy Arnold åtte songar på Topp 10 i USA.[35]

Syngande cowboyar og western swing endre

I 1930- og 1940-åra vart cowboysongar eller «western», som hadde vorte spelte inn sidan 1920-åra, populære gjennom Hollywood-filmar. Nokre av dei populæra cowyboysongarane frå denne perioden var Gene Autry, The Sons of the Pioneers og Roy Rogers.[36] Country & western vart ofte spelt i lag på dei same radiostasjonen og fekk derfor namnet country & western-musikk.

Det var ikkje berre cowboyar, men også «cowgirls» som medverka til stilen i forskjellige familiegrupper. Patsy Montana opna døra for kvinnelege artistar songen «I Want To Be a Cowboy's Sweetheart». Dette vart starten på det som gav kvinner høvet til å ha suksessrike solokarrierar.

Ein annan countrymusikar frå prærien, som hadde vorte populær som leiaren av ei countrygruppe og som medverka i westernfilmar frå Hollywood, var Bob Wills. Blandinga hans av country og jazz starta som dansesalmusikk og vart etter kvart kjend som western swing. Spade Cooley og Tex Williams hadde òg særs populære band og medverka i filmar. Då han var mest populær konkurrerte western swing med storbandjazz.

Nye instrument endre

Trommer vart ikkje nytta i tidleg countrymusikk fordi det vart rekna som «for høglydt» og «ikkje ekte», men i 1935 la western swing og bigband-leiaren Bob Wills til trommer i The Texas Playboys. I midten av 1940-åra ønskte ikkje Grand Ole Opry at trommeslagaren i The Playboys skulle delta på scenen. Sjølv om trommer vart vanleg hos rockabillygrupper i 1955 heldt Louisiana Hayride, som var mindre konservative enn Grand Ole Opry, trommeslagaren sin back scenen så seint som 1956. Tidleg i 1960-åra hadde derimot vorte sjeldan med countryband utan trommer.[37]

Bob Wills var ein av dei første countrymusikarane som var kjend for å nytte elektrisk gitar i bandet sitt, i 1938.[38] Eit tiår seinare (1948) nådde Arthur Smith Topp 10 på den amerikanske countrylista med MGM Records-innspelinga av «Guitar Boogie», som òg gjekk inn på den amerikanske poplista, og mange folk forstod potensialet til den elektriske gitaren. I fleire tiår føretrekte studiomusikarane i Nashville dei varme tonane frå ein Gibson- eller Gretsch-gitar, men ein «heit» Fender-stil kom til tidleg i 1950-åra, og vart etter kvart standardgitaren nytta i country.[37][39]

Hillbilly boogie endre

Countrymusikarar byrja å spele inn boogie i 1939, kort tid etter at stilen vart spelt i Carnegie HallJohnny Barfield spelte inn songen «Boogie Woogie». Den spede starten på det som i starten vart kalla hillbilly boogie, eller okie boogie (seinare kalla country boogie), vart særs populær rundt 1945. Ein kjend country boogie-song frå denne perioden var The Delmore Brothers sin «Freight Train Boogie», som vert rekna som ein del av utviklinga mot rockabilly, der country vart blanda med blues. I 1948 nådde Arthur «Guitar Boogie» Smith topp 10 på den amerikanske countrylista med innspelingane sine av «Guitar Boogie» og «Banjo Boogie» på MGM Records, og førstnemnde kryssa over på den amerikanske poplista.[40] Andre country boogie-artistar var Merrill Moore og Tennessee Ernie Ford. Hillbilly boogie-perioden varte til inn på 1950-talet og er ein av dei mange undersjangrane til country på 1900-talet.

Bluegrass, folk og gospel endre

«Salt Creek» framført live av The Rogue Bluegrass Band i 2008.

Mot slutten av den andre verdskrigen dukka det opp ein stil kalla bluegrassBill Monroe slo seg saman med Lester Flatt og Earl Scruggs, introdusert av Roy Acuff ved Grand Ole Opry i Nashville i Tennessee. Gospelmusikk var framleis ein populær del av countrymusikken. Red Foley, den største countrystjerna i åra etter andre verdskrigen, hadde ein av dei første millionseljande gospelhittane («Peace In The Valley») og song òg boogie, blues og rockabilly.

I denne etterkrigstida vart «countrymusikk» kalla «folk» i butikkane og «hillbilly» i musikkindustrien.[41] I 1944 erstatta The Billboard uttrykket «hillbilly» med «folk songs and blues», og byta til «country» eller «country and Western» i 1949.[42][43]

Honky tonk endre

Ein annan type enkel og rå musikk med forskjellige stemningar og ei enkel besetning som i hovudsak bestod av gitar, bass, dobro eller steelgitar og stundom trommer, vart populær blant fattige kvite innbyggjarar i Texas og Oklahoma. Han vart kjend som honky tonk og hadde sine røter i western swing og ranchera frå Mexico og grensestatane, særleg Texas, i lag med sørstatsblues. Bob Wills and His Texas Playboys personifiserte denne musikken som har vorte skildra som «litt av det her og litt av det der, litt av det svarte og litt av det kvite...akkurat høgt nok til at du unngår å tenke for mykje og bestiller ein ny whisky».[44] Texanaren Al Dexter hadde ein hitt med «Honky Tonk Blues» og sju år seinare med «Pistol Packin' Mama».[45] Desse «honky tonk»-songane som var assosiert med skjenkestover, vart spelt av artistar som Ernest Tubb, Kitty Wells (den første store kvinnelege countryartisten), Ted Daffan, Floyd Tillman and the Maddox Brothers and Rose, Lefty Frizzell og Hank Williams, og vart seinare kalla «tradisjonell» country. Williams fekk særskild enorm påverknad og inspirerte mange av pionerane innan rock and roll, som Elvis Presley og Jerry Lee Lewis, samt Chuck Berry og Ike Turner, samstundes som han bana veg for honky tonk-talent som George Jones. Webb Pierce var den store countryartisten i 1950-åra og 31 av singlane hans låg 113 veker i alt på førsteplassen. Han hadde 48 singlar på hitlista det tiåret, 31 nådde Topp 10 og 26 nådde Topp 4.

1950- og 1960-åra endre

Tidleg i 1950-åra vart ei blanding av western swing, country boogie og honky tonk spelt av dei fleste countrybanda. Western var påverka av cowboyballadar og rytmar frå tejanomusikk frå Sørvest-USA og det nordlege Mexico, og var særleg populær seint i 1950-åra, særleg med songen «El Paso» i september 1959.

På midten av 1950-talet byrja ei ny form for country å bli særleg populær, og denne stilen vart etter kvart kalla rockabilly.[46]

Rockabilly endre

 
Johnny Cash

1956 kan kallast rockabillyen sitt år i countrymusikk. Rockabilly var ei blanding av rock-and-roll og hillbilly. I denne perioden gjekk Elvis Presley over til countrymusikk. Han spelte ei enorm rolle for musikkindustrien på denne tida. På 2. til 4. plass på Billboard si salsliste for dette år finn ein Elvis Presley med «Heartbreak Hotel», Johnny Cash med «I Walk the Line» og Carl Perkins med «Blue Suede Shoes».[47]


Cash og Presley hadde songar på Topp 5 i 1958 med «Guess Things Happen That Way/Come In, Stranger» av Cash på tredjeplassen og Presley med «Don't/I Beg Of You» på femteplassen.[48] Presley sa om påverknaden sin frå rhythm and blues-artistar og stilen sin at «Farga folk har sunge og spelt dette slik eg no gjer i mange år alt.» Men han sa òg at «det eg gjer er berre oppstemt country.»[44] I løpet av få år hadde rockabillyartistane gått tilbake til meir mainstream-stilar eller hadde definert sin eigen unike stil.

Countrymusikk vart vist for heile nasjonen gjennom Ozark Jubilee på ABC-TV og radio frå 1955 til 1960 frå Springfield i Missouri. På programmet deltok dei største stjernene, inkludert mange rockabillyartistar, somme frå Ozarks. Som Webb Pierce sa det i 1956, «Før var det nesten umogeleg å selje countrymusikk på ein stad som New York City. I dag tek fjernsynet oss overalt, og countrymusikk sel like godt i storbyane som andre stader.»[49]

Seint i 1950-åra dukka Lubbock sound opp, men mot slutten av tiåret førte tilbakeslag og tradisjonelle artistar som Ray Price, Marty Robbins og Johnny Horton til at musikkindustrien flytta seg bort frå rock n' roll-påverknaden frå midten av 1950-åra.

Nashville sound og «countrypolitan»-stilen endre

For meir om dette emnet, sjå Nashville sound.

Frå midten av 1950-talet med sitt høgdepunkt tidleg i 1960-åra gjorde «Nashville sound» country til ein mangemillionindustri sentrert rundt Nashville i Tennessee. Under leiinga av produsentar som Chet Atkins, Owen Bradley og seinare Billy Sherrill, førte «Nashville sound» countrymusikken til eit stort publikum og country vart igjen populært etter ein periode med fallande salstal etter at rock and roll hadde kome på banen.[50] Denne undersjangeren vart kjend for å låne frå popmusikken frå 1950-talet, med ein markant og «glatt» vokal med strykarar og kor. Instrumentsoloar vart lagt mindre vekt på til fordel for «riff». Dei største artistane innan denne sjangeren var Patsy Cline, Jim Reeves, Skeeter Davis, The Browns og Eddy Arnold. «Slip note»-stilen på piano, som studiomusikar Floyd Cramer nytta, var ein viktig del av denne stilen.

Popsongstrukturen i Nashville vart tydelegare og glei over i det som vart kalla «countrypolitan». Countrypolitan vart retta mot dei store marknadane og selde bra seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra (noko som var sjeldan for amerikansk popmusikk i denne tida som var prega av den britiske bølgja. Dei største artistane var mellom andre Tammy Wynette, Lynn Anderson og Charlie Rich, saman med tidlegare «harde countryartistar» som Ray Price og Marty Robbins.

Trass i at «Nashville sound» appellerte til mange, dukka det òg opp mange tradisjonelle «harde countryaristar» som òg dominerte sjangeren, som Loretta Lynn, Merle Haggard, Buck Owens, Porter Wagoner og Sonny James.

Countrysoul - crossover endre

For meir om dette emnet, sjå countrysoul.

I 1962 overraska Ray Charles popverda med å spele inn country og western musikk, og toppa listene i tillegg til å hamne på tredjeplass på årslista på poplista til Billboard[51] med «I Can't Stop Loving You». Same året spelte han inn milepålealbumet Modern Sounds in Country and Western Music.

Bakersfield Sound endre

For meir om dette emnet, sjå Bakersfield sound.

180 km nordvest for Los Angeles ligg Bakersfield i California som var opphav til den neste sjangeren innan country. Denne stilen voks fram frå hardnakka honky tonk med element frå western swing og vart påverka av Bob Wills og Lefty Frizzell som heldt til på vestkysten. I 1966 vart denne stilen kjend som Bakersfield sound. Bakersfield Sound baserte seg på elektriske instrument og forsterkarar, særleg gitaren Telecaster, som gav musikken ein skarp, hard og drivande stil. Dei største artistane innan denne stilen var Buck Owens, Merle Haggard, Tommy Collins og Wynn Stewart, som kvar for seg igjen hadde sin eigen stil.[52][53]

Countryrock endre

For meir om dette emnet, sjå countryrock.

Seint på 1960-talet byrja fleire forskjellige tradisjonelle sjangrar å blande seg i amerikansk musikk. Etter den britiske bølgja ønskte mange å gå tilbake til «dei gamle verdiane» i rock 'n' roll. Samstundes var det lite entusiasme hos countryartistane for Nashville-produsert musikk. Resultatet vart blandingssjangeren kalla countryrock.

Tidlege artistar innan denne nye sjangeren på 60- og 70-talet var mellom andre Bob Dylan, som var den første som vendte seg mot country med albumet John Wesley Harding i 1967, følgd av folkrockbandet The Byrds (med Gram Parsons på «Sweethearts of the Rodeo») og biproduktet The Flying Burrito Brothers (òg med Gram Parsons), gitarist Clarence White, Michael Nesmith (Monkees og First National Band), The Grateful Dead, Neil Young, Commander Cody, The Allman Brothers, The Marshall Tucker Band, Poco, Buffalo Springfield og The Eagles med fleire. The Rolling Stones kasta seg òg på bølgja med songar som «Honky Tonk Women» og «Dead Flowers».

Parsons er av fleire skildra som «countryrockens far», mellom andre av Allmusic[54] og musikken hans tidleg i 1970-åra vart hylla for å vere særleg genuin og for måten han nytta fleire aspekt av tradisjonell country på. Karrieren hans vart diverre kort då han døydde av ein overdose i 1973, men arva etter han vart ført vidare av duettpartnaren som han var mentor for, Emmylou Harris. Solodebuten til Harris kom ut i 1975 med ei blanding av country, rock and roll, folk, blues og pop.

Med denne blandinga av det som hadde vore dei to store motpolane innan musikken på denne tida, oppstod det raskt andre utspring som southern rock, heartland rock og i nyare tid alternativ country.

I tiåra som følgde flytta artistar som Juice Newton, Alabama, Hank Williams Jr. (òg i langt større grad Hank Williams III), Gary Allan, Shania Twain, Brooks & Dunn, Faith Hill, Garth Brooks, Dwight Yoakam, Steve Earle, Dolly Parton, Rosanne Cash og Linda Ronstadt countrygrensene nærare rock.

Nedgangstida for western og cowboyballadar endre

Seint i 1960-åra var western, og særleg cowboyballadane, i sterk nedgang. Marknadsført som «country and western» av marknadsføringsbyrå, fekk platene til western-stjernene berre moderat suksess. Rock and roll dominerte musikklistene, og platestudioa i Hollywood kvitta seg med dei fleste westernartistane sine. Endringa i produksjonen av countrymusikk til Nashville spelte òg ei rolle, der Nashville-sounden, countryrock og rockabilly dominerte over både «cowboyartistane» og den meir nyare Bakersfield-sounden. Sistnemnde var stort sett avgrensa til Buck Owens, Merle Haggard og eit par andre band. I prosessen mista country and western som ein sjanger det meste av dei musikalske påverknadane frå sørvest, ranchera og Tejano. Cowboyballaden og honkytonkmusikken dukka derimot opp og vart tolka på nytt i 1970-åra då «outlaw country» frå Texas og Oklahoma etter kvart vart stadig meir populært.

1970- og 1980-åra endre

Outlaw country endre

For meir om dette emnet, sjå Outlaw country.

Artistar som Ray Price og bandet hans Cherokee Cowboys, der Willie Nelson og Roger Miller spelte, blanda den tradisjonelle stilen og honky tonk-stilen frå seint på 50-talet og 60-talet med aggresjonen til ein utstøytt subkultur som oppstod i landet i denne perioden, og den resulterande sjangeren outlaw country revolusjonerte countrymusikken.

 
Willie Nelson

«Etter eg forlet Nasville (tidleg i 70-åra), ønskte eg å slappe av og spele musikken eg ønskte å spele, og halde meg kring Texas, kanskje Oklahoma. Waylon og eg hadde dette outlaw-imaget gåande, og då det slo an på universiteta og me byrja å selje plater, så var med OK. Heile outlaw-greia hadde ikkje noko med musikken å gjere, det var noko som vart skrive i ein artikkel, og ungdomen sa, 'Vel, dei er ganske kule.' Og byrja å lytte». (Willie Nelson)[55]

Omgrepet outlaw country er tradisjonelt knytt til Hank Williams Jr, Willie Nelson, Waylon Jennings, David Allan Coe, Whitey Morgan & The 78's, John Prine, Billy Joe Shaver, Gary Stewart, Townes Van Zandt Eric Church og nokre få kvinnelege vokalistar som Jessi Colter og Sammi Smith. Det heile vart fanga på albumet Wanted! The Outlaws frå 1976. Ein tilknytt undersjanger er Red Dirt.

Countrypop endre

For meir om dette emnet, sjå countrypop.

Countrypop eller softpop, med røter i både countrypolitan-stilen, folkemusikk og softrock, er ein undersjanger i country som dukka opp i 1970-åra.

Countrypop starta med popsongarar som The Bellamy Brothers, Glen Campbell, John Denver, Olivia Newton-John, Marie Osmond, B.J. Thomas, Anne Murray og Linda Ronstadt som fekk hittar på countrylistene.

 
Lynn Anderson på scenen

Mellom 1972 og 1974 hadde songar og gitarist John Denver fleire særs populære songar som blanda country og folkrock («Rocky Mountain High», «Sunshine on My Shoulders», «Annie's Song», «Thank God I'm a Country Boy» og «I'm Sorry»), og vart kåra til årets countryartist i 1975. Året før hadde Olivia Newton-John, ein australsk popsongar, vunne prisen for beste kvinnelege countryartist og vart av Country Music Association kåra til «årets kvinnelege vokalist». Misnøgde med dette starta George Jones, Tammy Wynette og andre tradisjonelle Nashville-countryartistar det kortvarige Association of Country Entertainers i 1974. Debatten rasa inn i 1975 og striden nådde eit høgdepunkt under utdelinga av Country Music Association Awards der Charlie Rich (som sjølv hadde fleire hittar på både pop- og countrylistene) utropte John Denver som vinnar. Då han las opp vinnarnamnet sette han fyr på konvolutten, ei handling som vart sett på som ein protest på den aukande graden av popmusikk i countrymusikken.

I 1980 vart country popularisert med filmen Urban Cowboy med John Travolta i ei av rollene, samt Dolly Parton sin film 9 to 5. Urban Cowboy hadde med songar som «The Devil Went Down to Georgia» av Charlie Daniels Band.[56]

I midten av 1970-åra gjekk Dolly Parton, som hadde vore ein særs populær countryartist sidan slutten av 60-åra, over til popmusikk og nådde eit høgdepunkt i 1977 med hitten «Here You Come Again», som toppa countrylista i USA og nådde tredjeplassen på poplista. Det mannlege motstykket til Parton, Kenny Rogers kom frå motsett retning, og vendte seg mot country etter å ha hatt ein suksessrik karriere innan pop, rock og folkemusikk. Han nådde stor suksess same året med «Lucille», som nådde toppen av countrylista og femteplassen på poplista i USA. Parton og Rodgers hadde ein periode begge stor suksess på både country- og poplista samstundes, til langt inn i 1980-åra. Artistar som Crystal Gayle, Ronnie Milsap og Barbara Mandrell hadde òg suksess på poplistene med sine plater.

 
Dolly Parton

I 1975 skreiv forfattar Paul Hemphill i Saturday Evening Post, «Countrymusikk er ikkje eigentleg country lenger; det er ei blanding av nesten alle former for popmusikk i Amerika.»[57]

I 1980-åra opplevde fleire countryartistar gode salstal og gjorde det godt på poplistene. Willie Nelson og Juice Newton hadde kvar to songar på Topp 5 på Billboard-lista, Nelson med «Always On My Mind» (#5, 1982) og «To All The Girls I've Loved Before» (#5, 1984) og Newton med «Queen of Hearts» (#2, 1981) og «Angel of the Morning» (#4, 1981). Fire countrysongar toppa Billboard Hot 100 i 1980-åra: «Lady» av Kenny Rogers, som hamna på tredjeplass for 1981, «9 to 5» av Dolly Parton, «I Love a Rainy Night» av Eddie Rabbitt (begge 1981) og «Islands in the Stream» av Dolly Parton og Kenny Rogers i 1983, ein countrypop-hitt skriven av Barry, Robin og Maurice Gibb frå Bee Gees. Newton sin «Queen of Hearts» nådde nesten førsteplassen, men måtte sjå seg slått av popballaden «Endless Love» av Diana Ross og Lionel Richie.[58] Det var langt færre hittar som slo til i begge leirar på siste halvdel av 1980-åra, men ein song, Roy Orbison sin «You Got It» frå 1989, nådde topp 10 på både countrylista og poplista.[59][60]

Musikkgruppa Alabama, som sette fleire rekordar og fekk fleire platinaplater, vart kåra til tiårets artist i 1980-åra av Academy of Country Music.

Neocountry endre

I 1980 vart ein ny sjanger, «neocountry disco music», gjort populær med filmen Urban Cowboy,[61] som òg inkluderte meir tradisjonelle songar som «The Devil Went Down to Georgia» av Charlie Daniels Band.[62] Ein tilknytt undersjanger er Texascountry.

Salstala eksploderte til $250 millionar i 1981; og fram til 1984 hadde 900 radiostasjonar byrja å spele country eller neocountry på fulltid. Som med dei fleste brå trendar, hadde salstala i 1984 falle under nivået for 1979.[61]

Truck driving-country endre

Truck driving-country er ein sjanger innan country[63] og er ei blanding av honky tonk, countryrock og Bakersfield-sound.[64] Sjangeren har tempoet til countryrock og kjensla til honky tonk,[64] og tekstane fokuserer på dagleglivet til lastebilsjåførar.[65] Truck driving country-songar omhandlar ofte lastebilar og kjærleik.[64] Kjende artistar som syng truck driving-country er mellom andre Dave Dudley, Red Sovine, Dick Curless, Red Simpson, Colonel Robert Morris, The Road Hammers og Waylon Speed, medan C. W. McCall og Cledus Maggard er meir humoristiske innslag i sjangeren.[64] Dudley er kjend som far for truck driving-country.[65][66]

Ny-tradisjonell country endre

For meir om dette emnet, sjå ny-tradisjonell country.

I midten av 1980-åra byrja ei ny gruppe artistar å kome på banen. Dei gjekk bort frå den meir polerte countrypop-stilen som hadde vorte dominerande på radio og salslistene, og valde heller ein meir tradisjonell, enklare produksjon. Dei vart leia an av Randy Travis, som med debutalbumet sitt Storms of Life i 1986, selde fire millionar eksemplar og var det mest seljande countryalbumet det året. Mange artistar mot slutten av 1980-åra trekte mot tradisjonell honky tonk, bluegrass, folk og western swing. Av desse artistane finn ein mellom andre Travis Tritt, Ricky Skaggs, Kathy Mattea, George Strait og The Judds.

1990-åra endre

 
Garth Brooks

Country vart hjelpt av FCC's Docket 80-90, som førte til at FM-radio vart kraftig utvida i 1980-åra med gode signal til landlege område og forstader. På denne tida kunne ein stort sett høyre countrymusikk på landlege AM-radiostasjonar, men utvidinga av FM-nettverket var nyttig for countrymusikken, som flytta til FM frå AM då AM vart dominert av snakkeradio. Country vart lettare tilgjengeleg for folk og produsentar søkte derfor å polere produkta sine for eit breiare publikum.

I 1990-åra vart country eit verdsdominerande fenomen på grunn av artistar som Billy Ray Cyrus og Garth Brooks.[67][68][69] Brooks kom til å verte ein av dei mest suksessrike artistane, ikkje berre innan country, men i heile musikkhistoria sett under eitt, og slo mange rekordar for både sal av plater og konsertbillettar gjennom 90-åra. RIAA gav platene hans i alt 128× platinaplater, og han selde kring 113 millionar plater berre i USA.[70] Berre The Beatles er i historia rekna for å ha seld fleire plater enn Garth Brooks. Andre artistar som hadde suksess i denne tida var Clint Black, Sammy Kershaw, Aaron Tippin, Travis Tritt, Alan Jackson, duoen Brooks & Dunn; George Strait, som starta karrieren sin i 1980-åra, fortsette å ha suksess i 90-åra. Toby Keith starta karrieren sin som ein meir poporientert countrysongar i 1990-åra, og vart gradvis ein «outlaw»-artist seint i 1990-åra med Pull My Chain og oppfølgjaren Unleashed.

Kvinnelege artistar som Reba McEntire, Faith Hill, Martina McBride, Deana Carter, LeAnn Rimes, Shania Twain og Mary Chapin Carpenter fekk alle plater som selde til platina i 1990-åra.

Dixie Chicks vart eit av dei mest populære countrybanda i 1990-åra og tidleg i 2000-åra. Debutalbumet deira Wide Open Spaces selde 12x platina i USA, medan albumet Fly frå 1999 selde 10x platina. Etter det tredje albumet deira, Home, kom ut i 2003, vart bandet mindre populært, delvis på grunn av dei nedsetjande kommentarane til frontsongaren Natalie Maines om den dåverande presidenten George W. Bush.

Tidleg og på midten av 1990-talet var country og western påverka av den populære line dancing. Denne påverknaden var så stort at Chet Atkins skal ha sagt: «Musikken har vorte ganske dårleg syns eg. Det kjem av den forbanna linedance-greia.»[71]

2000-åra endre

Fleire rock- og popstjerner har våga seg på country. I 2000 kryssa Richard Marx over med albumet Days In Avalon, med fem countrysongar og fleire countrysongarar og musikarar. Alison Krauss song korvokal på singelen hans «Straight From My Heart». Bon Jovi hadde ein hitsingel med «Who Says You Can't Go Home» med Jennifer Nettles frå Sugarland. Andre rockestjerner som har teke med countrysongar på albuma sine er mellom andre Don Henley og Poison.

 
Carrie Underwood
 
Taylor Swift

I 2005 vart countrysongaren Carrie Underwood kjend som vinnaren av den fjerde sesongen av American Idol og selde plater som fekk multi-platinastatus og vann fleire Grammyprisar. Med singelen «Inside Your Heaven» vart Underwood den einaste countryartisten som nådde førsteplassen på poplista i USA i 2000-åra. I 2007 vann ho Grammy-prisen for beste nye artist, den første countryartisten på ti år som vann denne prisen. Debutalbumet hennar, Some Hearts var ikkje berre det raskast seljande debutalbumet til nokon countryartist gjennom tidene, men òg det mestseljande countryalbumet i 2000-åra i følgje Billboard.com.

American Idol lanserte ikkje berre karrieren til Underwood, men òg til andre countryartistar som Kellie Pickler, Josh Gracin, Bucky Covington, Kristy Lee Cook og Danny Gokey (i tillegg til Kelly Clarkson, som stundom syng country). Ein liknande serie, Nashville Star, som ikkje var like populær som Idol, klarte å få fram Miranda Lambert og Chris Young til suksess, i tillegg til dei ikkje like populære Buddy Jewell, Sean Patrick McGraw, og kanadiske George Canyon.

Fleire tenåringsseriar i 2000-åra hadde innverknad på den moderne countrymusikken. I 2008 gav skodespelaren Jennette McCurdy (kjend frå serien iCarly) ut den første singelen sin, «So Close». Ei anna tenåringsstjerne var Miley Cyrus (frå Hannah Montana), som òg fekk ein stor hit seint i 2000-åra med «The Climb» i tillegg til ein duett med faren Billy Ray Cyrus med «Ready, Set, Don't Go». Jana Kramer, ein skodespelar frå tenåringsdramaserien One Tree Hill, gav ut ein countrysong i 2012.

I 2008 steig Taylor Swift fram som ein ny countrypop-artist med singelen «Love Story», som nådde høgt på listene. Det same gjorde «You Belong with Me» og begge desse songane vart dei mestseljande countrysongane gjennom tidene. «Love Story» selde 5,2 millionar digitale eksemplar, og «You Belong with Me» fire millionar. I 2010 vart det andre albumet til Swift, Fearless, nominert til årets album på Grammy-prisutdelinga det året. Det vart det første albumet som vann prisane American Music Award (AMA), Academy of Country Music Award (ACM), Country Music Association Award (CMA) og Grammy Award for Album of the Year same året.

2010-åra endre

I 2010 vann gruppa Lady Antebellum fem Grammy-prisar, mellom anna for årets song og årets singel med «Need You Now».[72]

Mange duoar og vokalgrupper byrja å dukke opp på listene i 2010-åra, og i tillegg til Lady Antebellum, finn ein grupper som The Band Perry, Gloriana, Thompson Square, Eli Young Band og Zac Brown Band.

Country i Skandinavia endre

Country har lenge vore populært i Skandinavia, ofte i form av den avleidde sjangeren danseband. Danseband-sjangeren oppstod i Sverige på 1970-talet, men spreidde seg raskt til resten av Skandinavia. Kjende band innan sjangeren er mellom anna Vikingarna og Lasse Stefanz i Sverige og Ole Ivars i Noreg.

Kjelder endre

  1. Peterson, Richard A. (1999). Creating Country Music: Fabricating Authenticity, p. 9. ISBN 0-226-66285-3.
  2. «Country music - Definition». Dictionary.com. Henta 26. juni 2012. 
  3. «Country music - Definition». Oxford Dictionaries. Arkivert frå originalen 9. september 2011. Henta 26. juni 2012. 
  4. Country music - Definition from WordWeb http://wordweb.info/free/
  5. http://www.jim-reeves.com/hayride.html Jim-reeves.com
  6. http://www.roughstock.com/history/garthnew.html Arkivert 2009-01-29 ved Wayback Machine. Roughstock.com
  7. L.A. radio loses its twang
  8. Gish, D.L. Country Music. North Mankato, MN: Smart Apple Media, 2002.Print.
  9. «Bluegrassbanjo.org». Bluegrassbanjo.org. Henta 24. juni 2012. 
  10. «Shoppbs.org». Shoppbs.org. 16. februar 2009. Arkivert frå originalen 19. november 2008. Henta 24. juni 2012. 
  11. Malone, Bill. Country Music U.S.A. Austin: University of Texas Press, 2002. Print.
  12. David Hackett Fischer, Albion's Seed: Four British Folkways in America, s.618-621
  13. «PBS.org». PBS.org. Henta 24. juni 2012. 
  14. «PBS.org». PBS.org. 14. februar 2005. Henta 24. juni 2012. 
  15. The encyclopedia of country music: the ultimate guide to the music By Paul Kingsbury, Country Music Hall of Fame and Museum. 2004. Oxford Press. page 484.
  16. «Texas Handbook on Line». Tshaonline.org. Henta 24. juni 2012. 
  17. Dansesalane (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. mai 2005, henta 23. mai 2005 
  18. Wayne W. Daniel, Pickin' on Peachtree: a History of Country Music in Atlanta, Georgia
  19. Richard, Crawford. America's musical life a history. New York: Norton, 2001. Print.
  20. [1] Arkivert 2006-05-03 ved Wayback Machine. Old-Time Fiddlers Hall of Fame.
  21. 78discography.com The Online Discography Project.
  22. «Our Georgia History». Our Georgia History. Arkivert frå originalen 21. november 2008. Henta 24. juni 2012. 
  23. «Blue Ridge Institute & Museum». Blueridgeinstitute.org. Arkivert frå originalen 6. desember 2010. Henta 24. juni 2012. 
  24. «Blue Ridge Institute & Museum». Blueridgeinstitute.org. 27. september 2003. Arkivert frå originalen 9. desember 2010. Henta 24. juni 2012. 
  25. Cohn, Lawrence; Aldin, Mary Katherine; Bastin, Bruce (September 1993). Nothing but the Blues: The Music and the Musicians. Abbeville Press. s. 238. ISBN 978-1-55859-271-1. 
  26. Country Music Originals - The Legends and the Lost. Tony Russell. 2007. Oxford University Press. pages 14, 15, 25, 31, 45, 59, 73, 107, 157, 161, 165,167, 225. ISBN 978019532506.
  27. Billy Abbott. «Southernmusic.net». Southernmusic.net. Henta 24. juni 2012. 
  28. Cohn, Lawrence: «Nothing But the Blues», A Ligher Shade of Blue - White Country Blues av Charles Wolfe s. 247, 1993
  29. Country Music Originals - The Legends and the Lost. Tony Russell. 2007. Oxford University Press. s. 68. ISBN 978019532506
  30. David Sanjek, "All the Memories Money Can Buy: Marketing Authenticity og Manufacturing Authorship", s. 155–172 i Eric Weisbard, ed., This is Pop, Harvard University Press, 2004. ISBN 0-674-01321-2 (cloth), ISBN 0-674-01344-1 (paper). s. 158.
  31. «LPdiscography.com». LPdiscography.com. Henta 24. juni 2012. 
  32. Nothing But the Blues 1993, White Country Blues by Charles Wolfe s. 233
  33. The Carter Family, southernmusic.net
  34. code:v_farquharson@kshira_interactive and j_nowicki@kshira_interactive design:k_wilson@framewerk. «American Roots Music : Episode Summaries». PBS. Henta 24. juni 2012. 
  35. Billboard.com Billboard.com
  36. NAME:. «Roughstock's History of Country Music - Cowboy Music». Roughstock.com. Arkivert frå originalen 16. februar 2004. Henta 24. juni 2012. 
  37. 37,0 37,1 Instruments | Country Music Hall of Fame and Museum|Nashville, Tennessee
  38. Takecountryback.com, Merle Haggard - Bob Wills
  39. Empsfm.org Arkivert 2010-12-03 ved Wayback Machine., exhibitions - online features
  40. Arthur Smith Biography : OLDIES.com
  41. Country Music Goes To War By Charles K. Wolfe, James Edward Akenson. 2005. University Press of Kentucky. s. 55. ISBN 0-8131-2308-9 [2]
  42. Long Steel Rail: The Railroad in American Folksong. By Norm Cohen, David Cohen. University of Illinois Press. 2000. s. 31. ISBN 0-252-06881-5, ISBN 978-0-252-06881-2
  43. Google Books. Books.google.com. Henta 24. juni 2012. 
  44. 44,0 44,1 Workin' Man Blues - Country Music in California. Gerald W. Haslan. University of California Press. 1999. page 135. ISBN 0-520-21800-0.
  45. Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s 23-24 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  46. Go Cat Go! Rockabilly Music and Its Making. Craig Morrison. 1996. University of Illinois. s. 28. ISBN 0-252-02207-6
  47. «Billboard.com». Billboard.com. Arkivert frå originalen 21. juli 2012. Henta 24. juni 2012. 
  48. Billboard.com Billboard.com
  49. Shulman, Art "Dynamo - Country Style" (1956), TV Guide, s, 28
  50. «Rockhall.com». Rockhall.com. Henta 24. juni 2012. 
  51. «Billboard.com». Billboard.com. Arkivert frå originalen 11. desember 2007. Henta 1. februar 2011. 
  52. «Merle Haggard : Biography». CMT.com. 6. april 1937. Arkivert frå originalen 6. april 2010. Henta 24. juni 2012. 
  53. Buckowens.com Arkivert 2013-12-13 ved Wayback Machine., Buck Owen's Crystal Palace: About Buck
  54. Allmusic.com, Gram Parsons: Overview
  55. The Roots of Country Music" Collectors Edition by Life September 1, 1994 page 72
  56. http://www.lyricsoncall.com/lyrics/charlie-daniels-band/the-devil-went-down-to-georgia-lyrics.html Arkivert 2008-05-19 ved Wayback Machine. Lyricsoncall.com
  57. Hemphill, Paul. "Nashville--Where It All Started." Saturday Evening Post 247.3 (1975): 44-86. Academic Search Premier. EBSCO. Web. 1 Feb. 2010.
  58. Historical Music Charts Archive - Billboard.com
  59. Whitburn, Joel, "Top Country Songs: 1944-2008," 2009.
  60. Whitburn, Joel, "Top Pop Singles: 1955-2006," 2007
  61. 61,0 61,1 Workin' Man Blues - Country Music in California. Gerald W. Haslan. University of California Press. 1999. page 259. ISBN 0-520-21800-0.
  62. Lyricsoncall.com Arkivert 2008-05-19 ved Wayback Machine. Lyricsoncall.com
  63. Trucker's Jukebox: Various Artists: Music. Amazon.com. Henta 25. juni 2012. «Trucker's Jukebox covers the Country landscape: outlaw, honkey tonk, country-rock, Bakersfield sound, country comedy, truck driving country and more.» 
  64. 64,0 64,1 64,2 64,3 «Truck Driving Country Music». All Media Guide LLC. Arkivert frå originalen 4. juni 2012. Henta 25. juni 2012. 
  65. 65,0 65,1 «Dave Dudley: Albums, Songs, Bios, Photos». Amazon.com. Henta 25. juni 2012. 
  66. «Dave Dudley». CBS Interactive. Arkivert frå originalen 5. mars 2009. Henta 25. juni 2012. 
  67. «Country is No. 1 musical style». Reading Eagle. 19. august 1992. Henta 26. juni 2012. 
  68. «Country music reflects the time». Herald-Journal. 27. september 1992. Henta 26. juni 2012. 
  69. Hurst, Jack (25. november 1993). «Country music is making waves across the seas». thestar.com. Henta 26. juni 2012. 
  70. «RIAA.com». RIAA.com. Henta 26. juni 2012. 
  71. The Roots of Country Music" Collectors Edition by Life September 1, 1994
  72. Richards, Chris (14. februar 2011). «Esperanza Spalding, Arcade Fire top a night of upsets at 2011 Grammys». The Washington Post. Henta 26. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff endre