August den sterke

(Omdirigert frå August II av Sachsen)

Friedrich August I eller August den sterke (polsk August II Mocny) (fødd 12. mai 1670 i Dresden, død 1. februar 1733 i Warszawa) var kurfyrste av Sachsen 1694-1733, og som August II dessutan konge av Polen 1697-1704 og 1709-1733.

August den sterke

Statsborgarskap Storfyrstedømet Litauen, Kurfyrstedømet Sachsen
Fødd 12. mai 1670
Dresden
Død 1. februar 1733 (62 år)
Warszawa
Yrke kunstsamlar, politikar
Språk tysk
Tittel Kurfyrste av Sachsen
Periode 1694-1733
Føregangar Johann Georg
Etterfylgjar Friedrich August II
Tittel Konge av Polen
Periode 1696-1704
Føregangar Johann III
Etterfylgjar Stanisław I Leszczyński
Tittel Konge av Polen
Føregangar Stanisław I Leszczyński
Etterfylgjar August III
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Johan Georg III av Sachsen
Mor Anna Sophie av Danmark
Ektefelle Christiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth
Partnar Marianna Denhoff, Urszula Katarzyna Bokum, Aurora av Königsmarck, Anna Constantia von Brockdorff, Henrietta von Osterhausen, Anna Aloysia Maximiliane von Lamberg, Henriette Rénard, Angélique Debargues, Maria Aurora av Spiegel, Erdmuta Zofia von Dieskau, Zofia Eleonora Klengel, Emerencjanna Pociej
August den sterke på Commons

Han var son av Johan Georg III av Sachsen og Anna Sofia av Danmark, samt fetter av svenskekongen Karl XII. Han budde på jaktslottet Moritzburg i Sachsen, kjent som kongeslottet i filmen Tre nøtter til Askepott.

August I.

Han skaffa seg tilgjenge til den polske krona takka vere støtte frå framande stormakter og mutingar. Han lét seg styre berre av dynastiske interesser og førte Polen inn i krig med Sverige som ein del av den store nordiske krigen, noko som førte til svensk invasjon og resulterte i omfattande øydeleggingar i Polen.

Den polske arvefølgjekrigen braut ut etter han døydde.

Friedrich August II var gift med Christiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth.

Born:

  1. Friedrich August II av Sachsen.

Born (med Aurora von Königsmarck):

  1. Moritz av Sachsen, marskalk av Sachsen.

Kjelder

endre