Den polske arvefølgjekrigen
Den polske arvefølgjekrigen (1733-1738) var ein europeisk storkrig som starta som ein polsk borgarkrig over kven som skulle vere etterfølgjaren til Augustus II, konge av Polen. Frankrike og Spania, dei to Bourbon-maktene, prøvde å bremse makta til austerrikske habsburgarane i Vest-Europa, og det same gjorde kongedømet Preussen. I aust mobiliserte Sachsen og Russland for å støtte den eventuelle polske sigerherren. Etter nokre kampar i Polen tok August III, som i tillegg til Russland og Sachsen, hadde politisk støtte hos habsburgarane.
Den polske arvefølgjekrigen | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Omleiringa av Gdańsk av russisk-saksiske styrkar i 1734. | |||||||||
| |||||||||
Styrkar | |||||||||
Polen under |
Polen under |
Kehl · Pizzighettone · Danzig · Bitonto · Trarbach · Philippsburg · San Pietro · Gaeta · Capua · Guastalla · Klausen |
Dei store felttoga i krigen skjedde utanfor Polen. Bourbonane, støtta av Karl Emmanuel III av Sardinia, prøvde å ta isolerte Habsburg-moråde. I Rhinland tok Frankrike hertugdømet Lorraine, og i Italia fekk Spania kontroll over kongedøma Napoli og Sicilia (som dei hadde tapt i den spanske arvefølgjekrigen), medan det skjedde få byte av landområde i Nord-Italia, trass i blodige felttog. Storbritannia var motvillige til å støtte Habsburg-Austerrike og dette skapte store sprekkar i den engelsk-austerrikske alliansen, og kan ha vore medverkande til at Austerrike mislukkast i krigen.
Sjølv om ein oppnådde ein foreløpig fredsavtale i 1735, enda ikkje krigen formelt før med freden i Wien i 1738 der August III vart stadfesta som konge av Polen og motstandaren Stanisław Leszczyński (som i røynda ikkje hadde fått noko utanlands militærstøtte) fekk hertugdømet Lorraine. Frans Stefan, hertugen av Lorraine, fekk storhertugdømet Toscana som kompensasjon for tapet av Lorraine. Hertugdømet Parma gjekk til Austerrike, medan Karl av Parma tok kronene Napoli og Sicilia, noko som førte til at Bourbon-familiane fekk større område. Polen gav òg opp kravet sitt på Livland og direkte kontroll over Hertugdømet Kurland og Semigallen, men det vart verande eit polsk len, sjølv om det kom inn under russisk påverknad.
Åsaker
endrePolsk arvefølgje
endreDen tidlegare polske kongen Stanisław Leszczyński håpte å verte gjenvald som konge ein gong til etter at fienden hans, August II av Sachsen, ikkje klarte å gjere den polske krona arveleg i familien sin. Tretti år tidlegare hadde Stanisław Leszczyński vorte sett inn som konge av polen av kong Karl XII av Sverige då Sverige dominerte i området under den store nordiske krigen, og vart kasta ut etter Poltava av dei sigrande russarane. Stanisław fekk støtte av svigersonen sin, kong Ludvig XV av Frankrike, som håpte å fornye den gamle alliansen med Polen og på den måten balansere Russland og Austerrike i Nord- og Aust-Europa.
I 1732 irriterte keisarinne Anna av Russland, den tysk-romerske keisaren Karl VI og kong Fredrik Vilhelm I av Preussen over Augustus, men ville heller ikkje la Stanisław verte ny konge. Dei valde å heller støtte kandidaturet til Emmanuel av Portugal for den polske trona.
Franske mål
endreDen franske statsministeren kardinal Fleury såg den polske striden som ein sjanse til å slå eit slag mot den austerrikske makta i vest utan å framstå som angripar. Han brydde seg lite om kven som vart ny konge av Polen, men å støtte kongen sin svigerfar virka sympatisk, og han håpte og nytte krigen for å audmjuke austerrikarane, og kanskje sikre seg Hertugdømet Lorraine, som franskmennene lenge hadde ønskt. Lorraine var under hertug Frans Stefan, som var venta å gifte seg med keisarinne Karl si dotter, Maria Teresia. Dette ville føre den austerrikske makta farleg nær den franske grensa.
Ludvig XV gjekk saman med onkelen, kong Filip V av Spania, som håpte å skire område i Italia for sønene sine gjennom sitt andre ekteskap med Elizabeth Farnese. Særleg håpte han å sikre seg Mantova for den eldste sonen Don Carlos, som alt var hertug av Parma, og eit håp om å få tak i Storhertugdømet Toscana, og kongedøma Napoli og Sicilia for den yngste sonen Don Felipe. Dei to bourbonske monarkane fekk òg støtte frå Karl Emmanuel III av Savoie, som håpte å få det austerrikske Hertugdømet Milano.
Sjølv om austerrikarane hadde håpt på støtte frå dei maritime stormaktene Storbritannia og Nederland vart dei skuffa, sidan både nederlendarane og britane ønskte å halde seg nøytrale. Franskmennene ønskte ikkje å provosere dei og heldt seg unna Dei austerrikske Nederlanda. Austerrikarane stod dermed i realiteten utan effektive allierte. Deira russiske og saksiske allierte var stort sett opptekne med å avslutte det polske felttoget. Keisaren stolte ikkje på Fredrik Vilhelm I av Preussen, som var villig til å gje støtte, men berre nominelt. Bayern og andre mellomstore tyske statar ønskte å halde seg nøytrale på grunn av ein allianse med Frankrike, og dermed var berre eit par små tyske statar att - Kurfyrstedømet Hannover, der Georg II var villig til å hjelpe i rolla som kurfyrste.
Krigen
endrePolen
endreAugust II døydde 1. februar 1733, og den polske adelen, leia av primasen Teodor Potocki, kalla inn til val. Russarane og austerrikarane såg den sterke støtta som Leszczyński fekk og gav opp støtta si til Emmanuel av Portugal, og vendte seg mot Fredrik August av Sachsen, sonen til den tidlegare kongen, og det einaste rimelege alternativet. Dei russiske og austerrikske hærane var mobiliserte for å true valforsamlinga, men dei valde likevel Leszczyński.
Den russisk hæren under feltmarskalk Peter Lascy entra polsk territorium for å støtte kravet om Fredrik August av Sachsen. Ei gruppe adelsmenn, hovudsakleg litauiske magnatar leia av hertug Michael Wiśniowiecki (tidlegare litauiske storkanslar nominert av August II) forlet valet for å slå seg saman med russarane. Denne gruppa valde Fredrik August som konge av Polen, som Augustus III. Trass i at denne gruppa var i mindretal, anerkjende russarane og austerrikarane, som begge ønskte påverknad internt i Polen, August som konge.
Russarane, leia av von Münnich, tok raskt Warszawa og sette August på trona, medan Stanisław vart tvungen på flukt til Danzig i Preussen, i dag Gdańsk i Polen, der han var omleira ein periode av ein russisk-saksisk hær. Danzig var okkupert i juni 1734 og Stanisław flykta til svigersonen sin i Frankrike.
Krigen i Polen var stort sett over og var ein utvetydig siger for russarane og kandidaten deira. Ei gruppe adelsmenn som støtta Stanisław danna Dzikow-forbundet (1734) og under kommandanten deira, Adam Tarło, prøvde dei å kjempe mot russarane og saksarane, utan stort hell.
Rhinland
endreTrass i ein rask russisk siger enda ikkje krigen. Krigen skulle verte ein katastrofe for austerrikarane. Sidan Nederland heldt seg nøytrale, vart krigen kjempa på to frontar, ved Rhinen og i Italia. Rhinfelttoget vart det siste for to store generalar av den førre generasjonen, fyrst Eugene av Savoie og hertugen av Berwick — sistnemnde vart drepen i omleiringa av Philippsburg — samt den første gongen den unge kronprinsen av Preussen deltok i krig, Fredrik den store. Franskmennene fekk størt suksess her og dei køyrte over Lorraine og erobra den viktige festninga i Philippsburg på høgresida av Rhinen.
Italia
endreI Italia møtte austerrikarane enno verre tilhøve. I nord oppstod det to harde slag. Austerrikarane vann slaget i Parma (eller San Pietro) (29. juni 1734) og franskmennene og deira allierte vann slaget ved Luzzara (eller Guastalla) (19. september 1734). I sør tapte derimot austerrikarane stort, og spanjolane vann ein lett siger i Bitonto og erobra Napoli og Sicilia i mai 1734.
Fredsavtalen
endreAusterrikarane var ikkje i stand til å kjempe vidare og franskmennene var uroa over russiske forsterkingar, som nådde fram til Rhinen for første gong i historia under dette felttoget. Fredsforhandlingane kom derfor raskt i gang.
Ein tidleg fredsavtale vart sett i oktober 1735 og ratifisert med Wienertraktaten (november 1738). August vart stadfesta som konge av Polen og Stanisław fekk hertugdømet Lorraine i kompensasjon, som gjennom dottera hans gjekk til Frankrike då han døydde. Den tidlegare hertugen av Lorraine, Frans Stefan vart den nye arvingen av Storhertugdømet Toscana, som han tok over i 1737.
Karl III av Spania vart tvungen til å gje opp kravet sitt om Toscana, men òg hertugdømet Parma, som han tidlegare hadde eigd. Desse kom under austerriksk styre, men han var rikt kompensert som konge av Napoli og Sicilia. Filip av Parma fekk lite og ingenting. Sjølv om kampane stoppa etter den første freden i 1735, kom ikkje den endelege fredsavtalen i stand før den siste av Medici-familien døydde i Toscana, Gian Gastone i 1737.
Franskmennene (og deira allierte) håpte no på gode forhold til austerrikarane og anerkjende den pragmatiske sanksjonen, som ville la dotter til keisar Karl, Maria Tersia overta etter han. Dette viste seg å vere ein falsk garanti, og franskmennene valde å blande seg inn i då Karl døydde i 1740. Frankrike fekk Lorraine frå den tidlegare polske kongen, då Stanisław døydde i 1766.
I Polen sa Stanisław frå seg trona i 1736, medan August III erklærte generell amnesti for Stanisław.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «War of the Polish Succession» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica - 11. utg., som er offentleg eigedom.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: