August den sterke
Friedrich August I eller August den sterke (polsk August II Mocny) (fødd 12. mai 1670 i Dresden, død 1. februar 1733 i Warszawa) var kurfyrste av Sachsen 1694-1733, og som August II dessutan konge av Polen 1697-1704 og 1709-1733.
August den sterke | |
Statsborgarskap | Storfyrstedømet Litauen, Kurfyrstedømet Sachsen |
Fødd | 12. mai 1670 Dresden |
Død | 1. februar 1733 (62 år) Warszawa |
Yrke | kunstsamlar, politikar |
Språk | tysk |
Tittel | Kurfyrste av Sachsen |
Periode | 1694-1733 |
Føregangar | Johann Georg |
Etterfylgjar | Friedrich August II |
Tittel | Konge av Polen |
Periode | 1696-1704 |
Føregangar | Johann III |
Etterfylgjar | Stanisław I Leszczyński |
Tittel | Konge av Polen |
Føregangar | Stanisław I Leszczyński |
Etterfylgjar | August III |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Johan Georg III av Sachsen |
Mor | Anna Sophie av Danmark |
Ektefelle | Christiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth |
Partnar | Marianna Denhoff, Urszula Katarzyna Bokum, Aurora av Königsmarck, Anna Constantia von Brockdorff, Henrietta von Osterhausen, Anna Aloysia Maximiliane von Lamberg, Henriette Rénard, Angélique Debargues, Maria Aurora av Spiegel, Erdmuta Zofia von Dieskau, Zofia Eleonora Klengel, Emerencjanna Pociej |
August den sterke på Commons |
Han var son av Johan Georg III av Sachsen og Anna Sofia av Danmark, samt fetter av svenskekongen Karl XII. Han budde på jaktslottet Moritzburg i Sachsen, kjent som kongeslottet i filmen Tre nøtter til Askepott.
Han skaffa seg tilgjenge til den polske krona takka vere støtte frå framande stormakter og mutingar. Han lét seg styre berre av dynastiske interesser og førte Polen inn i krig med Sverige som ein del av den store nordiske krigen, noko som førte til svensk invasjon og resulterte i omfattande øydeleggingar i Polen.
Den polske arvefølgjekrigen braut ut etter han døydde.
Friedrich August II var gift med Christiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth.
Born:
- Friedrich August II av Sachsen.
Born (med Aurora von Königsmarck):
- Moritz av Sachsen, marskalk av Sachsen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «August II av Polen» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2010.