August Stuckmann
August Stuckmann, (1. mars 1910–28. mars 1947) var ein tysk politimann i Noreg under andre verdskrigen.
August Stuckmann | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1. mars 1910 Lemgo |
Død |
28. mars 1947 (37 år) |
Yrke | politi, Sturmscharführer, kriminalsekretær, mekanikar |
Språk | tysk |
Straff | dødsstraff |
Stuckmann var fødd i Lemgo. Han vart tilsett i tysk politi i 1929, og vart send til Noreg i april 1940. Han var først stasjonert i Kristiansand, men kom i juli 1940 til Gestapo ved Victoria Terrasse i Oslo. Frå juli 1941 var han knytt til Sipo på Lillehammer som SS Sturmscharführer og kriminalsekretær. Han var dømd til døden som krigsforbrytar for drap, medverknad til drap og grov tortur i Eidsivating lagmannsrett 15. oktober 1946, og vart avretta på Akershus festning den 28. mars 1947.