Lemgo
Lemgo er ein by og ein kommune nordaust i forbundslandet Nordrhein-Westfalen i Tyskland, 25 kilometer aust for Bielefeld. Kommunen, som høyrer til Kreis Lippe, har 40 000 ibuarar og omfattar 100,9 km².
Lemgo | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
Areal | 100,85 km² | ||
Folketal | 40 531 (31. desember 2023) | ||
Lemgo 52°01′40″N 8°54′15″E / 52.027680555556°N 8.9043°E | |||
Wikimedia Commons: Lemgo |
Lemgo vart grunnlagt i 1190 og fekk byrettar i 1245. Bybiletet er prega av fleire bygningar reist i seinmellomalderen.
Technische Hochschule Ostwestfalen-Lippe har meir enn 6 000 studentar.
Grunna handballaget TBV Lemgo er byen kjent over heile Tyskland.
Krigsforbrytaren August Stuckmann var frå Lemgo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lemgo» frå Wikipedia på tysk, den 12. desember 2024.