Augustine Choge
Augustine Kiprono Choge (fødd 21. januar 1987) er ein kenyansk langdistanseløpar.
Augustine Choge | |
Augustine Kiprono Choge under draumemila på Bislett i 2008. Foto: Ragnar Singsaas
| |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 21. januar 1987 (37 år) |
Yrke | langdistanseløpar |
Språk | engelsk |
Augustine Choge på Commons |
Choge vart fødd i 1987 i ein familie av småbønder i Kipsigak nær Kapsabet i Nandi-distriktet i Rift Valley-provinsen. Han vann den nasjonale skulemeisterskapen på 10 000 meter i 2002. I verdsmeisterskapen i terrengløp i 2003 kom han på 4. plass i juniorløpet og vann gull som del av juniorlaget. I juniorverdsmeisterskapen i friidrett i 2004 vann han gull på 5000 meter. Han vart meister på 5000 meter i Commonwealth games i 2006 med tida 12:56,41.
Trenaren hans er Colm O’Connell.