Republic of Kenya

(norsk: Kenya, kenyansk)

Det kenyanske flagget Det kenyanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ee Mungu Nguvu Yetu»
Motto Harambee (swahili, 'Lat oss arbeide saman'
Geografisk plassering av Kenya
Offisielle språk Engelsk og swahili
Hovudstad Nairobi
Styresett
Republikk
William Ruto
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
580 367 km² (48.)
2,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
47 615 739 (30.)
82 /km² (102.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
12. desember 1963
Nasjonaldag 12. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
143 100 mill. USD (73.)
3 400 USD (153.)
Valuta kenyansk shilling (KES)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +254
Toppnivådomene .ke


Kenya er eit land på austkysten av Afrika. Kenya grensar mot Etiopia og Sør-Sudan i nord, Uganda i vest, Somalia i aust og Tanzania i sør, landet har òg kystlinje mot Indiahavet i søraust.[1] Kenya er ein tidlegare britisk koloni som fekk sitt eiget sjølvstende i 1963, og blei ein republikk året etter.[2]

Innbyggjarar endre

Etniske konfliktar står for mange av Kenya sine utfordringar. Tidleg på 1990-talet blei tusenvis drepne og fleire gjort heimlause av dette.

Dei største etniske gruppene i Kenya er kikuyu (22 %), luhya (14 %), luo (13 %), kalenjin (12 %), kamba (11 %), kisii (6 %) og meru (6 %). Innbyggjarane høyrer til desse religiøse retningane: Ulike protestantiske 38 %, romansk katolske 28 %, islam 6 %, tradisjonelle religionar 22 %.

 
Kart over Kenya

Geografi og geologi endre

Størstedelen av landet er bygd opp av krystallinske grunnfjellsbergartar, som dannar store platåmassiv på 1000–3000 moh i Kenyahøglandet.

Dei høgaste områda består av yngre vulkansk material, lavadekker og vulkankjegler, mellom anna dei massive vulkankjeglene Mount Kenya (Kirinyaga, 5199 moh) midt i landet og Mount Elgon (4321 moh) på grensa til Uganda. Høglandet skrånar ned mot kysten av Indiahavet i aust og nordover mot låglandet langs grensa mot Etiopia og Somalia.

Kystsonen i Kenya er sumpig og kring 30 km brei, med strender omgjeve av korallrev og innskårne elvemunningar. Utanfor kysten ligg fleire mindre øyar.

Kenya blir gjennomskoren i retning nord–sør av den store Riftdalen, ein 500–1200 m djup og 50–80 km brei riftdal. Her ligg ei rekkje avløpsfrie saltsjøar, først og fremst den store Turkanasjøen. Andre innsjøar i Kenya er Jipesjøen og Victoriasjøen.

Mange turistar og den store folketettleiken i delar av landet representerer begge økologiske truslar, mellom anna avskoging og erosjon. Ein av dei som mest aktivt har medverka til økologisk medvit og til skogplanting er professor Wangari Maathai, som i 2004 mottok Nobels fredspris for innsatsen sin.

Berggrunnen består hovudsakleg av prekambriske vulkanittar, granittar og gneisar. Dei høgaste områda består av yngre, vulkansk material. Jordsmonnet består av lateritt og bauxitt. I Riftdalen finn ein djupbergartar som er danna ved rifting, mellom anna rombeporfyr. Skjoldvulkanane har lagt igjen vulkansk oske og lava ved eksplosive utbrot.[3]

Nasjonalparkar endre

Av nasjonalparkar i Kenya finn ein mellom andre Masai Mara, Mount Kenya, Nairobi nasjonalpark og Turkanasjøe nasjonalpark.

Klima endre

Det er vanskeleg å generalisere vêret i Kenya som har høgareliggande område i vest, steppelandskap i låglandet, fuktig kystområde, i tillegg til at dei vulkanske fjelltoppane Kirinyaga og Kilimanjaro dannar eigne klimasoner rundt seg. Å skildre Kenya klimatologisk kan òg vere vanskeleg fordi nedbørsmengdene varierer mykje frå år til år. Store delar av landet har to regntider som oppstår når den intertropiske konvergenssona går sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). Under ei El Niño-hending, kan den første regntida gje mykje mindre nedbør enn vanleg, medan den andre kan bli forsterka. Det motsette skjer ofte under ein La Niña.

Skråninga frå Victoriasjøen til Riftdalen har ofte svært mykje torevêr om ettermiddagen frå juni og ut august, og området rundt Kericho er eit av områda i verda som er mest utsett for hagl. Her kan det hagle så mykje som 100 dagar i året. Vanlegvis er derimot torebyene spreidd, og hagla ganske små.

Juli og august er som regel ein tørr periode i dei høgareliggande områda, inkludert Nairobi, og er typisk dekt av eit lågt skydekke, som sola av og til kan kikke gjennom. Kvar tredje eller fjerde dag kan det kome litt yr eller lett regn. Dette er òg den kjøligaste tida på året, med maksimumstemperaturar mellom 21 og 26 °C, og over 1800 m går temperaturen lett under 10 °C. Det er enno kaldare mot toppen av vulkanen Mount Kenya. Dei høgareliggande områda er litt varmare under regntida, og enno varmare i tørketida frå desember til mars. Heilt tørt treng det derimot ikkje å bli, og ei og anna regnbye kan oppstå òg i denne perioden. Nairobi har ein normal årsnedbør på 959 mm.

I dei nordlege områda av Kenya, inkludert Turkanasjøen, er det mykje tørrare og varmare, og temperaturen held seg rundt 30-35 °C året rundt. I april og mai kan ein derimot få kraftig regn som omgjer støvvegane til gjørme.

Kysten av Kenya er våtare enn dei høgareliggande områda innanfor, men har òg meir sol. Mest regn kjem det i perioden april til tidleg i juli. Mombasa, som ligg her, har ein årleg nedbørsnormal på 1206 mm.

Kjelder endre

  1. «Kenya | People, Map, Flag, Religion, Language, Capital, & Election | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  2. Hansen, Stig Jarle; Tostensen, Arne (20. mai 2022). «Kenya». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Tostensen, Arne; Askheim, Svein (7. september 2021). «Kenyas geografi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre