Augustinius Lossius

norsk politikar

Augustinius Meldal Lossius (1. januar 178715. juli 1864) var ein norsk proprietær frå Hemne i dagens Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann i 1818.

Augustinius Lossius
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1787
Død

15. juli 1864 (77 år)

Yrke politikar, jurist
Språk norsk

Lossius var son til ein proprietær. Han vart cand.jur. i København i 1813, der han 1810-14 var fullmektig i generalpostdirektoriatet og krigsassessor. Sidan flytta han heim til Noreg og vart i 1817 konstituert sorenskrivar i Nordmøre. I 1818 representerte han Romsdals amtStortinget der han var med i 10 komitear, mellom dei om turrfiskvraking, tukthus i Bodø, den lutherske kyrkja i London og om «overdaadighet». Han var òg med i Stortinget sitt sendelag til kryninga av Karl III. Johan i Stockholm.

Lossius vart tiltalt for å ha forandra ein attest vedlagd ein embetssøknad. Han vart frikjend av underretten, men dømd til bøter av overretten. I 1822 dømde Høgsteretten han til festningsarbeid, året etter omgjort til ein månads «simpel arrest». Sidan levde han som proprietær og landhandlar i Hemne.

Kjelder endre