Aurora Mikalsen
Aurora Mikalsen (fødd 21. mars 1996) er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 21. mars 1996 | ||
Fødestad | Kristiansund kommune | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Brann | ||
Nummer | 1 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Clausenengen Arna-Bjørnar | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2013–2014 | Arna-Bjørnar | 1 | (0) |
2015 | Clausenengen | 6 | (0) |
2016–2019 | Kolbotn | 64 | (0) |
2019–2020 | Manchester United | 0 | (0) |
2020–2021 | Tottenham | 27 | (0) |
2021– | Brann | (0) | |
Landslag | |||
2011 | Noreg J15 | 2 | (0) |
2012 | Noreg J16 | 3 | (4) |
2012–2013 | Noreg J17 | 8 | (0) |
2014–2015 | Noreg J19 | 16 | (0) |
2016–2019 | Noreg U23 | 16 | (0) |
2022– | Noreg | 4 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 9. november 2022 |
Klubbkarriere
endreMikalsen byrja karrieren i Clausenengen i heimbyen Kristiansund. I 2012 gjekk ho til Arna-Bjørnar.[1] I Bergensklubben vart det hovudsakleg speletid for andrelaget i 2. divisjon. I 2015 vende ho tilbake til Clausenengen; der veksla ho mellom å spele for kvinnelaget i 2. divisjon, og med guttar på G19-laget. Før 2016-sesongen vart ho henta til Kolbotn i Toppserien.[2]
I Kolbotn vart Mikalsen etterkvart fyrstekeeper og gjorde det bra. Då Manchester United var i Oslo for å spele treningskamp mot Vålerenga i juli 2019, trente Mikalsen med laget.[3] I september 2019 vart det kjent at ho hadde signert for Manchester United.[4] Ho fekk berre ein ligacupkamp for klubben før ho forlet klubben etter eitt år då kontrakten gjekk ut.
I juli 2020 signerte Mikalsen for Tottenham.[5] Etter ein sesong i Tottenham gjekk ho til Sandviken i juli 2021.[6] Same sesong som ho kom til Sandviken var ho med å vinne den fyrste seriemeisterskapen til klubben, før klubben vart til SK Brann Kvinner før 2022-sesongen.
Landslagskarriere
endreMikalsen har aldersbestemte landskampar for J15, J16, J17, J19, og U23.
I februar 2018 vart Mikalsen teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong.[7]
Den 16. februar 2022 debuterte Mikalsen for A-landslaget mot Portugal under Algarve Cup.[8] Ho vart same år teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Aurora Mikalsen til Arna Bjørnar - Clausenengen Fotballklubb». www.cfk.no. Henta 11. februar 2022.
- ↑ «Aurora Mikalsen klar for Kolbotn - Clausenengen Fotballklubb». www.cfk.no. Henta 11. februar 2022.
- ↑ «Kolbotn-spiller trente med Manchester United: – Får se hvor langt samtalen bærer». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022.
- ↑ «Man Utd Women announce signing of Aurora Mikalsen». www.manutd.com (på engelsk). Henta 12. februar 2022.
- ↑ «Aurora Mikalsen joins Spurs Women». Tottenham Hotspur (på engelsk). Henta 12. februar 2022.
- ↑ «Mikalsen fra Tottenham til Sandviken – VG Nå: Sportsdøgnet». VG Nå (på norsk). Henta 12. februar 2022.
- ↑ Stenseth, Knut Andreas (21. februar 2018). «Kolbotn-keeperen tatt ut på A-landslaget». Østlandets Blad (på norsk). Henta 12. februar 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Portugisisk seier i åpningskampen». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 17. februar 2022.
- ↑ AS, TV 2 (7. juni 2022). «Dette er Norges tropp til EM - går for medalje». TV 2 (på norsk). Henta 3. juli 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Aurora Mikalsen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2022.