2. divisjon fotball for kvinner
2. divisjon fotball for kvinner er den tredje øvste divisjonen i norsk fotball for kvinner. Fram til 2000 vart dette nivået administrert av fotballkrinsane, men etter at 1. divisjon vart ein landsdekkande serie, vart 2. divisjonsavdelingane slått saman og tok over forma til den gamle 1. divisjon. Frå 1987 til 1995 var dette nivået 3. divisjon.
To lag rykkar opp til 1. divisjon; nedrykk til 3. divisjon vert avgjort i samarbeid med dei råka fotballkrinsane.
Reservelag (andrelag) kan spele i 2. divisjon, men kan ikkje rykke opp.
Avdelingar
endre- Avdeling 1: Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Oppland
- Avdeling 2: Buskerud, Telemark, Vestfold og Sørlandet
- Avdeling 4: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane
- Avdeling 6: Møre og Romsdal og Trøndelag
- Avdeling 7: Helgeland og Salten (Nordland krins)
- Avdeling 8: Ofoten, Lofoten, Vesterålen og Sør-Troms (Hålogaland krins)
- Avdeling 9: Nord-Troms og Midt-Troms (Troms krins), og Finnmark
Avdeling 3 og 5 eksisterer ikkje lenger, då dei har gått inn i avdeling 4 og 6. Avdelingsnumra vart sett opp i 2001 og har ikkje blitt endra sidan.
Avdeling 1, 4, og 6 har tolv lag. Avdeling 2 har ti lag, medan dei øvrige avdelingane er avhengig av lokal påmelding. I Nordland er 2. divisjon det lågaste nivået i regionen.
Sluttspel
endreDe seks beste laga i divisjonen speler eit sluttspel om to plasser i neste års 1. divisjon.
Gruppe A
|
Gruppe B
|
Gruppevinnaren rykker opp. Laga i gruppa møter kvarandre éin gong kvar, der trekning avgjer retten til heimebane og rekkefølgja av kampane. Visst det ikkje er mogeleg å vinne gruppa for nokon av laga i den siste kampen blir ikkje kampen avvikla.
Historie
endreÅr | Opprykk | Kvalifisering | |
---|---|---|---|
2012 | Lyn Kaupanger |
Tynset, Hardhaus Øvrevoll Hosle, Urædd | |
2011 | Kongsvinger Åsane |
Tromsdalen, Sunndal Raufoss, Urædd | |
2010 | Sarpsborg 08 Avaldsnes |
Sunndal, Tromsdalen Kongsvinger, Urædd | |
2009 | Vålerenga Sola |
Byåsen, Sortland Urædd, Lillehammer | |
2008 | Alta Orkla |
Borgen (Kløfta) Sola Eik-Tønsberg og Vålerenga | |
2007 | Gjøvik Voss |
Alta, Orkla Fossum (Skien), Vålerenga | |
2006 | Skjetten, Tromsdalen Donn, Linderud-Grei |
Ranheim Sola | |
2005 | Manglerud Star Haugar |
Orkla, Tromsdalen Skjetten, Donn | |
2004 | Grand Bodø Kaupanger |
Linderud-Grei, Træff Skjetten, Donn | |
2003 | Fart Bamble |
Ranheim, Grand Bodø Nymark, Vallset | |
2002 | Kattem Amazon Grimstad |
Vallset, Innstranden Kaupanger, Storhamar | |
2001 | Skeid Gjelleråsen |
Innstranden, Herd Nymark, Fossum (Skien) |
Opprykkslaga står i same rad som dei laga dei slo ut i sluttspelet. I 2008 skulle 1. divisjon utvidast til tolv lag, og dei to dårlegaste laga i 1. divisjon vart òg invitert til kvalifiseringa. I 2006 vart Toppserien utvida til tolv lag, og det vart då to ledige plasser i 1. divisjon som vart fylt opp nedafrå.